- Vi tilbyr oss i fellesskap å gjennomføre eit prosjekt for å sjå på desse båtane, seier Kjersti Kleven, styreleiar for Maritim bransjeforeining i Norsk Industri.
Tre kystvaktskip av Nordkapp-klassen skal skiftast ut, men det er uklart når og korleis. Målet for verfta er å samarbeide om utvikling av fartya og deretter konkurrere om å få byggeoppdraga.
Pr. i dag er planen å legge eitt kystvaktskip ut på andbod neste år for levering i 2018, og det er sett av 2,7 milliardar kroner til prosjektet for det første skipet (medrekna byggekostnadane).
- Kan vi ikkje sette oss ned og sjå på alle tre fartya i samanheng?, spør Kleven.
I utgangspunktet meiner ho kystvaktskipa har så mange militære spesifikasjonar at det er grunnlag for å reserver bygginga for norske verft. Om styresmaktene ikkje går med på det, bør samarbeidsprosjektet likevel gjennomførast, før oppdraget blir lagt ut på eit internasjonalt anbod.
I første omgang skal 12 riksvegsamband få nye miljøkrav, og NETT NO har tidlegare anslått at det kan gi oppdrag for fem milliard kroner fram til 2020.
Tøffast er det i markedet for plattformforsyningskip (PSV) på grunn av den store nybyggingsaktiviteten, som fortsatt ikkje er over.
- Vi har fire år der det er bestilt 120-150 PSVar pr. år, seier Haddal.
- Det er behov for å fase ut den eldre delen av flåten, seier han.
Hansteen spår ein gradvis opptur for offshorereiarane når oljeprisen stig.
Først vil aktiviteten ta seg opp der oljen er lett å utvinne og der det først og fremst er etterspørsel etter enkle farty, i Midtausten, Vest-Afrika og India. Deretter kjem etterspørselen etter meir avanserte farty for meir krevjande farvatn.
Tre kystvaktskip av Nordkapp-klassen skal skiftast ut, men det er uklart når og korleis. Målet for verfta er å samarbeide om utvikling av fartya og deretter konkurrere om å få byggeoppdraga.
Pr. i dag er planen å legge eitt kystvaktskip ut på andbod neste år for levering i 2018, og det er sett av 2,7 milliardar kroner til prosjektet for det første skipet (medrekna byggekostnadane).
Gevinst på samordning
Målet for dei norske verfta er å få styresmaktene til å sjå utskiftinga av dei tre kystvaktskipa under eitt. Det vil gjere den samla kostnaden mindre enn om kvart skip blir bygd for seg, argumenterer verfta.- Kan vi ikkje sette oss ned og sjå på alle tre fartya i samanheng?, spør Kleven.
I utgangspunktet meiner ho kystvaktskipa har så mange militære spesifikasjonar at det er grunnlag for å reserver bygginga for norske verft. Om styresmaktene ikkje går med på det, bør samarbeidsprosjektet likevel gjennomførast, før oppdraget blir lagt ut på eit internasjonalt anbod.
Satsar på ferjer
I tillegg til kystvaktkontrakten er fornying av ferjeflåten det andre tiltaket styresmaktene har for å hjelpe ein verftsindustri med fallande ordrebok.I første omgang skal 12 riksvegsamband få nye miljøkrav, og NETT NO har tidlegare anslått at det kan gi oppdrag for fem milliard kroner fram til 2020.
Tøffe år
Både shippinganalytikar Nicolai Hansteen i Lorentzen & Stemoco og analysedirektør Runar Haddal i Rolls-Royce Marine spådde at dei komande årå blir tøffe for skipsbyggarane på sine presentasjoner under Verftskonferansen i Ålesund i dag, tysdag 3. november.Tøffast er det i markedet for plattformforsyningskip (PSV) på grunn av den store nybyggingsaktiviteten, som fortsatt ikkje er over.
- Vi har fire år der det er bestilt 120-150 PSVar pr. år, seier Haddal.
Bør hoggast opp
Over 30 prosent av skipa i den internasjonale offshoreflåten er over 30 år, i følgje Hansteen. Dei bør ut for å skape nye balanse i marknaden meiner han.- Det er behov for å fase ut den eldre delen av flåten, seier han.
Hansteen spår ein gradvis opptur for offshorereiarane når oljeprisen stig.
Først vil aktiviteten ta seg opp der oljen er lett å utvinne og der det først og fremst er etterspørsel etter enkle farty, i Midtausten, Vest-Afrika og India. Deretter kjem etterspørselen etter meir avanserte farty for meir krevjande farvatn.
Kan vi ikkje sette oss ned og sjå på alle tre fartya i samanheng?
Publisert: 03.11.2015 16:11
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:48






