Verft paa Nordvestlandet naadde ikkje opp
STÅL: Pilotmerden Aquatraz får ein omkrins på 160 meter . Fosens verft utkonkurrerte verft på Nordvestlandet om oppdraget.
Nytt

Verft på Nordvestlandet nådde ikkje opp

Midt-Norsk Havbruk hadde verft på Nordvestlandet med i konkurransen om å få bygge eit delvis lukka oppdrettsanlegg, men til slutt var det Fosen Yards som fekk oppdraget.

04.12.2017
Kontrakten er på rundt 30 millionar kroner, i følgje prosjektkoordinator Steingrim Holm i Midt-Norsk Havbruk. Oppdrettselskapet i Rørvik i Trøndelag fekk tidlegare i år fire utviklingskonsesjonar baserte på ideen til oppdrettsanlegget "Aquatraz".
Fosen Yards har opsjon på å få bygge ytterlegare tre anlegg.
Holm seier Midt-Norsk Havbruk starta med sju verft. I tillegg til Fosen Yards var både verft på Nordvestlandet og i utlandet på lista. Til slutt var det pris og leveringstid som avgjorde, og då kom Fosen Yards best ut.
Eit ekstra pluss var at Fosen Yards ligg relativt nær hovudkontoret til oppdrettselskapet.

Overraska næringssjef

Næringssjef Bergljot Landstad i Møre og Romsdal fylkeskommuen sa før helga at ho var overraska over at så få aktørar i Møre og Romsdal - med sin store maritime industri - har søkt om utviklingskonsesjonar.

Utviklingskonsesjonar er rimlege konsesjonar som blir gitt til selskap som vil teste ut nye teknologi og nye anlegg, i eit forsøk på å få bukt med problem som lakselus- og rømming utgjer for oppdrett i tradisjonelle opne merder.

Kjem med ny versjon

Blir pilotoanlegget vellukka kjem Midt-Norsk Havbruk til å utvikle ein nye versjon av "Aquatrac" og invitere til konkurransen om å bygge det, i følgje Holm. Det skjer imidlertid ikkje før dei fire første er på plass.
"Aquatraz" er utvikla av Stavangerselskapet Seafarming Systems i samarbeid med Midt-Norsk Havbruk, .

Publisert: 04.12.2017 14:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16