Veret i juli avgjer mykje
VALLDAL: Erlend Hjelme og Gro Marita Valdal aukar omsetninga for Valldal Aktivitetspark.
Nytt

- Vêret i juli avgjer mykje

Årets sesong har starta godt ved Valldal Aktivitstpark, men neste månad avgjer mykje.

17.06.2019
- Det er juli som er den store feriemånaden. Då brukar her å vere godt med folk om vêret er bra. Om det vert dårleg vêr, vil vi slite meir.
Det seier marknadssjef Gro Marita Valdal i .
Ho seier at også hausten er viktig.
- I fjor regna hausten vekk. Det satsar vi på ikkje skjer endå ein gong.

Godt samarbeid

Ho starta selskapet i 2014 saman med Erlend Hjelme, som er dagleg leiar i selskapet.
- Vi hadde litt like idear, og fann ut at då kunne vi like godt gjere noko saman.
- Dette har eg ikkje angra på ein dag, seier Valdal.

Tok ut grei løn

I fjor gjekk selskapet berre så vidt i pluss på drifta, sjølv om omsetninga auka frå 3,6 til 3,7 millionar kroner.
Valdal seier at grunnen til det litt svake resultatet er at eigarane tok seg ut ei gre løn.
- Hittil har vi pløygd det meste tilbake til selskapet. No meinte vi det var på tide å ta ut litt grei løn også.

Sju løyper

Valldal Aktivitetspark vart etablert med det formål å skape meir aktivitet for både fastbuande og tilreisande til området. Parken ligg på Hjelme, rett ved elva Valldøla.
Her er det til saman sju klatreløyper på totalt 1.400 meter.
Parken har hatt titusenvis av besøkande sidan opninga for fem år sidan.
- Dei fleste kjem frå Sunnmøre, og mange bur også på hytter og campingplassar her.
- Men i det siste har det kome stadig fleire utlendingar, seier Gro Marita valdal.
Vi hadde litt like idear, og fann ut at då kunne vi like godt gjere noko saman

Publisert: 17.06.2019 15:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36