Verdt innsatsen, trass konkursen
IKKJE VER SUR PÅ GAMLEHEIMEN: Har du tru på ideen din bør du satse i staden for å sitte sur på gamleheimen, meiner Øyvind Grimstad Gryt. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Verdt innsatsen, trass konkursen

Grim & Gryt fekk prisar i fleng for ølet sitt og opne dører hos butikkane. Likevel blei det konkurs, men det bør ikkje skremme nye gründerar seier eks-ølbryggar.

11.04.2019
- Eg heiter Øyvind og eg har drive bryggeri!
Øyvind Grimstad Gryt tok ein galgenhumoristisk introduksjon då han møtte studentane for å dele sine gründererfaringar på Gründerdagen 2019 i Ålesund i går kveld.
Grim & Gryt Økobryggeri blei etablert i 2014 og gjekk konkurs i desember 2017, to og eit halvt år etter at selskapet levert sitt første øl til butikkane.
- Den reisa var veldig læringsrik, det var slitsomt, det var stort sett heile spekteret og følelsar, sa Grimstad Gryt i sitt foredraget sitt.

Tøffe tak

Grimstad Gryt starta bryggeriet på Hareid saman med kameraten Anders Grimstad. Teoretikaren og læraren Øyvind og praktikaren og elektrikane Anders utfyllte kvarandre. Ekspertane vende tommelen opp og selskapet fekk inn 1,35 millionar i kapital frå rundt 80 små investorar.


Men ingen av dei kunne sveise, og der møtte dei den første humpen på vegen. Sveising måtte til for å tilpasse bryggeriutstyret til slik dei ville ha anlegget, og det kosta meir enn dei hadde tenkt.
Neste runde med trøbbel kom i to omgangar i 2015. Dei fekk infeksjon i bryggeriet, og hadde med andre ord ikkje kontroll på gjæringa. Store leveransar måtte kasserast, og dei starta 2016 svekka etter 2015. Også til juleølsesongen 2016 dukka produksjonsproblema opp og svekka dei ytterlegare.
Dei undervurderte også salsarbeidet, kom inn i ein vond sirkel der ikke begge til kunne jobbe fulltid i bryggeriet. Samstundes vart konkurransesituasjonen for småbryggeria tøffare.
Det var ikkje nok med berre innsats.
- Viss berre innsaten hadde vore ein salsuksess så hadde dette gått strålande bra.
Då Grim & Gryt ikkje greidde å reise ny kapital i 2017, gjekk dei til slutt til skifteretten.

Verdt prisen

Trass i konkursen meiner Grimstad Gryt satsinga var verdt innsatsen.
Utfallet blei ikkje katastrofalt.
- Vi kom oss ut med helsa i behald og hus og kjerring begge to.
Angrar han er eit spørsmål han ofte får. Svaret er nei. Og studentane bør ikkje la seg skremme frå å satse sjølv, er rådet:
- Viss de har verkeleg trua på det (ideen din, red. merk), forsøk. Det er betre det enn å sitte på gamleheimen og tenke f..., eg skulle ha gjort det.
Viss de har verkeleg trua på det, forsøk. Det er betre det enn å sitte på gamleheimen og tenke f..., eg skulle ha gjort det. 

Publisert: 11.04.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:33