Verdsarvstiftinga kjem seg gjennom koronakrisa
DAGLEG LEIAR: Katrin Blomvik er dagleg leiar i Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv.
Nytt

Verdsarvstiftinga kjem seg gjennom koronakrisa

Rekordinntekter og underskott før pandemien stengte døra.

Marius Rosbach
11.08.2020
Årsrapporten frå Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv viser at dei skal klare seg gjennom koronakrisa, trass i fleire månader utan besøk.
Pandemien ga store konsekvensar for drifta av Norsk Fjordsenter som til vanleg har mykje besøk frå april månad. I år var det ikkje besøk overhovudet fram til rekneskapen vart avslutta i slutten av mai.
– Hendinga vert ikkje vurdert å ha skapt vesentleg usikkerheit om stiftinga si evne til framleis drift, blir det påpeika i årsrapporten.
Verdsarvstiftinga er drifta av tilskott frå det offentlege i tillegg til kommersielle inntekter. Styret viser til at staten har kome med tiltakspakkar dei reknar med å få støtte frå.

Les også:


Mange kanselleringar

– Det er forventa at det vil berre vere ein brøkdel av gjestar og inntening i høve til 2019. Dei fleste gruppebestillingar er kansellert, heiter det.
Avtalar med sesongtilsette blei sagt opp i vår, og både innkjøp, marknadsaktivitetar blei stoppa opp.
I staden blei prosjektarbeid med ekstern finansiering prioritert, og andre tiltak blir vurdert fortløpande, skriv styret i .

Stor omsetning – lite underskott

Rekneskapen for 2019 viser at inntektene blei dei høgaste nokon gong med nær 17 millionar. Av dette var 11,3 millionar offentlege tilskot, og drygt ein halv million salsinntekter.
Sidan utgiftene auka enno meir, enda drifta med eit lite underskot (sjå tabell til høgre under om du les på mobil). Selskapet har drygt seks millionar i bankinnskot, drygt tre millionar i eigenkapial og ei gjeld på 6,7 millionar.
Stiftinga hadde fem tilsette i 2019 – tre kvinner og to menn. I tillegg utførte sesongarbeidarar om lag to årsverk.

Les også:




Publisert: 11.08.2020 15:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01