Verdsarvraadet diskuterer cruiseskip kutt
TAK: Cruisesskip i Glacier Bay i Alaska. Her det eit tak på cruisetrafikken. Det vil Verdsarvrådet har vurdert blant anna i Geiranger også. 
Nytt

Verdsarvrådet diskuterer cruiseskip-kutt

Det blir meir enn nok cruiseskip i Geirangerfjorden sjølv om cruiseskipa der får strengare miljøreglar enn resten av fjordane, meiner styreleiar Arne Sandnes i Verdsarvrådet for vestnorsk fjordlandskap.

25.09.2018
I dag er det meir enn nok cruiseskip i fjordane, etter Sandnes si vurdering. Han vil ha ei vurdering av om det bør bli færre.
-Vi diskuterer seriøst i Verdsarvrådet å begrense tilgangen, slik som i Alaska, seier Sandnes.
Han viser blant anna til erfaringane i Glacier Bay i Alaska som noko å lære av, der det er sett eit tak på cruisebelastninga i området.
Verdsarvrådet har berre rådgivande status, men eit lovverk som gjer det råd å innføre slik lokale begrensningar også i Noreg er noko Sandnes ønskjer seg.

Støttar innskjerping

Frå neste år vil Sjøfartsdirektoratet starte ein gradviss innskjerping i av miljøkrava i Tafjorden, Geirangerfjorden/Sunnylvsfjorden og Aurlandsfjorden/Nærøyfjorden. Fram til 2026 skal krava bli strengare og strengare.
Stranda kommune er blant dei som er mot særreglar for desse fjordane - som alle har fått verdsarvstatus som internasjonalt verneverdige område frå FN-organet Unesco. Verdsarvrådet - som er samordningsrådet for dei norske verdsfjordområda - vil på si side ha særreglane jo før jo heller.

Du kan lese fleire artiklar om miljøreglar og utviklinga av Geirangerfjorden under Relaterte saker.

10 år forseinka

Dersom tilhengarane av å vente på eit felles nasjonalt regelverk vinn fram fryktar Arne Sandnes at innføringa av strengare utsleppsreglar i Geirangerfjorden i verste fall blir ti år forseinka.
- Skal vi ta den prosessen vil det ta veldig, veldig lang tid, seier han.
Det vil forlenge dei helsemessige skadeverknadane som mellom andre Geiranger i perioder opplever på grunn av utslepp frå skipa, etter Sandnes si vurdering. Det set også verdsarvstatusen i fare, fryktar han.

Reiarlaga vil tilpasse seg

Han trur heller ikkje den delen av reiselivsnæringa som lever av cruisetrafikken i verdsarvfjordane blir skadelidande, sjølv om storparten av kysten ikkje får strengare reglar i denne omgang.
Han ventar reiarlaga vil tilpasse seg og vil vere i stand til å stille med skip som tilfredsstiller krava.
- At ein skulle skippe verdsarvfjordane på Vestlandet, det trur eg ikkje noko på, seie Sandnes.
Skal vi ta den prosessen vil det ta veldig, veldig lang tid

Publisert: 25.09.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26