Verdilaust patent meiner Rimfrost
RIMFROSTPATENT: Patentet knytt til produksjonsprosessen ombord i krilltrålaren Juvel har ikkje verdi åleine, meiner advokat Ronny Lund.
Nytt

Verdilaust patent, meiner Rimfrost

Patentet knytt til krilltrålaren Juvel kan ikkje brukast utan at også patent som Rimfrost eig blir tatt i bruk.

11.12.2018
- Utan lisens frå Rimfrost ville ikkje patentet ha verdi, sa Rimfrosts advokat Ronny Lund i sitt innleiingsforedrag i dag.
Lund representer Stig Remøys selskap Rimfrost og Rimfrost Technologies i striden med Aker Biomarine, som er eigd av Kjell Inge Røkke-dominerte Aker som eigar. Selskapa strides om retten til teknologien i krilltrålaren Juvel, som Aker Biomarine kjøpte etter at krillfiskeselskapet Emerald Fisheries gikk konkurs i 2017.

Til inga nytte

I følgje Lund er eitt patent det strides om, knytt til starten av produksjonsprosessen etter at krillen er ombord i trålaren. Rimfrost/Rimfrost Technologies meiner patentet blei seld frå Emerald Fisheries til Rimfrost i desember 2012, betalt året etter og tilhøyrer dei.
Uavhengig av korleis retten kjem til å vurdere eigedomsretten til patentet er argumentet til Lund at resten av produksjonsprosessen er knytt til patent som er, og alltid har vore, eigd av Rimfrost. Det hjelper ikkje å berre ha det eine patentet for å kunne produsere fram til eit produkt som kan seljast i marknaden.

Publisert: 11.12.2018 13:36

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:29