Europrofil i Sykkylven hadde ei omsetning på 78 millionar kroner siste regnskapsår (frå 1. juli 2016 til 30. juni 2017), noko som er på nivå med året før. Resultatet før skatt vart 4 millionar kroner, opp frå 3,3 millionar året før. Resultatet er det beste sidan 2008.
Europrofil er av Norges største leverandør av tynnplateprofilar (stål) til byggebransjen. Dette er både standardvarer og spesialløysingar til innervegg, yttervegg, himling, etasjeskille og fasade. Dei har 23 tilsette og har avdelingar på Håjem, i Hamar og i Drammen.
Selskapet vart starta i 1970, men er no eit heileigd dotterselskap av det danske industrikonsernet Ib Andresen Industri Holding i Langeskov i Danmark. Konsernet er etablert i Danmark, Norge, Sverige, Ungarn og Thailand, og har 800 tilsette.
Les også:
Styret skriv i årsmeldinga at dei har i løpet av året gjort endringar og tiltak som vil gje positive resultat framover, og at dei gjer produktutvikling saman med det svenske søsterselskapet.
- Den totale byggmarknaden i Norge viser ei positiv utvikling og behovet for nye bustader er aukande. Det er venta at vi leverer forbetra resultat framover, skriv styret.

B
ehov for nye bustader
Europrofil i Sykkylven lanserte tidlegare i år eit nytt ytterveggskonsept, og har god tru på framtida.Les også:
Styret skriv i årsmeldinga at dei har i løpet av året gjort endringar og tiltak som vil gje positive resultat framover, og at dei gjer produktutvikling saman med det svenske søsterselskapet.
- Den totale byggmarknaden i Norge viser ei positiv utvikling og behovet for nye bustader er aukande. Det er venta at vi leverer forbetra resultat framover, skriv styret.
Publisert: 19.12.2017 09:09
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16