Ventar runde nummer to
HASTAR: Om det ikkje kjem ein markert opptur innan neste sommar trur Vegard Helland at dei dei første offshorerreiarlaga startar på andre runde med refinansiering like etter.
Nytt

Ventar runde nummer to

Konserndirektør Vegard Helland i Sparebank 1 SMN reknar med at offshorereiarlaga må gjennom ei ny refinansieringsrunde.

11.12.2017
- Det kjem, men ikke nødvendigvis for alle, seier Helland om kor sannsynleg det er at første runde med refinansiering ikkje var god nok. Han er leiar for næringslivsutlåna i banken.
Over 120 skip i opplag i Noreg og ein overkapasitet på over 1000 skip på verdsbasis i det ein tøff vintersesong står for døra gjer at Helland meiner neste runde kan starte alt neste haust.
- Viss marknaden ikkje kjem kraftig tilbake neste sommar så er vi vi komne i gang med runde nummer to. Ikkje massivt neste år, men det startar, seier han.

Vendepunktet utsett gang på gang

Spådommane om kor lenge offshorekrisa vil vare er gradvis forlenga.
Våren 2015 sa DNBs shippingsjef Kristin Holth at offshorreiarlaga må vente til 2017 før dei skulle få sjå ei lysning.

Ett år etter var banken blitt meir pessimistisk, og Holth sa at refinansieringsløsningar burde lagasy for å vare inn i 2020.

På hausten 2016 såg Giek-sjef Wenche Nistad for seg at krisa i offshorenæringa ville vare enda lenger.
- Når vi modellerer restrukturering av eit selskap må det klare å leve gjennom 2021, sa Nistad i eit intervju med Dagens Næringsliv 23. november i fjor.

Skrotedugnad

I dei refinansieringane som er gjennomført er Rem Offshore og Farstad Shipping innlemma i Solstad, og hovudkontorfunksjonanen flyttar til Karmøy, Havila Holding er blitt storaksjonær i Volstad Maritime og Volstad Shipping har seld ut offshorfartya sine.
Sparebank 1 SMN tok tidlegare i år til orde for ein skrotedugnad, ein felles innsats i bransjen for å ta eldre skip permanent ut av marknaden for dermed å raskare få ein balansen mellom tilbod og etterspørsel.

Publisert: 11.12.2017 06:00

Sist oppdatert: 07.05.2021 13:27