Ventar paa det store magnet gjennombrotet
FOSNAVÅG: Marknadsdirektør Yrjar Garshol har tru på at salet av magnet-thrustarar vil skyte fart. Bak forskingsskipet Gunnerus, som har testa motorane sidan 2015.
Nytt

Ventar på det store magnet-gjennombrotet

Marknadsdirektør Yrjar Garshol i Rolls-Royce Marine er sikker på at magnet-thrusterar er framtida, men marknaden er litt avventande.

22.06.2017
- Utfordringa er å få kommersielt produksjonen slik at vi også får ned prisen.
- Vi er på god veg, og merkar stadig større interesse for produktet.
I dag er NTNU sitt forskingsskip Gunnerus på plass i Fosnavåg. Om bord i dette skipet vart det i 2015 installert to 500 kilowatt azimuth-thrusterarar med Rolls-Royce sin magnetteknologi.
Les her:

Gode testar

Løysinga får propellen til å gå rundt ved help av eit magnetfelt rundt propellen.
- Resultata er svært gode. Det er nesten ikkje støy og ingen vibrasjonar i tillegg til at drivstoff-forbruket er kraftig redusert, seier Garshol.
Han opplyser at målingane viser mellom sju og tretten prosent innsparing i forhold til tradisjonelle thrusterar.
- Men denne løysinga er også så godt som vedlikehaldsfri, der vedlikehaldskostnadene gjerne vert reduserte med 50 prosent.

Stopp i offshore

Rolls-Royce har seld magnet-thrusterarar til fleire cruiseskip, til Kystverket sine nye fartøy og no også til dei Kleven-bygde hurtigrutene.
Derimot er det stopp med leveransar til offshore.
- Denne løysinga er spesielt attraktiv der det er behov for lite støy, seier Garshol.

Ulsteinvik-produksjon

Løysinga er i dag litt dyrare enn meir tradisjonelle løysingar.
- Slik situasjonen er i dag med ei rekkje avventande reiarar, må vi ned i pris for å få ekstra fart på salet. Dette arbeider vi med.
Produksjonen skjer i Ulsteinvik.
- Vi reknar på mange prosjekt, og håper å lande noko snart.
- Men konkurransen er beinhard, og ein periode har vi vore fokuserte på å bite oss fast og vente på at det verste skulle gå over. No ser vi fram- og oppover.
Les her:

Larsnes-bygt

Forskingsfartøyet Gunnerus vart levert frå Larsnes Mek. Verksted til NTNU i 2006. Båten er spesialutstyrt for å drive forsking på havbruk og marine miljø.
Der er mykje lokalt utstyr om bord. Mellom anna er dei elektrotekniske installasjonane om bord utført av Hareid Elektriske, medan Nogva har levert dieselelektrisk framdriftssystem.
Ein periode har vi vore fokuserte på å bite oss fast og vente på at det verste skulle gå over

Publisert: 22.06.2017 13:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:11