Ventar millionkontraktar om kort tid
STOR INTERESSE: Brødrene Aa vonar på ny kontrakt for sitt sightseeing-farty. Det første vart sett i trafikk på Nærøyfjorden i sommar. Neste utgåve kan bli 100 prosent batteridriven.
Nytt

Ventar millionkontraktar om kort tid

Innan ein par månadar vonar Brødrene Aa-sjef Tor Øyvin Aa å kunne offentlegjere kontraktar for inntil 200 millionar kroner.

16.09.2016
Så langt har hurtigbåtverftet i Hyen eitt farty til levering neste år, men det kan fort endre seg.
- Vi har fortsatt ein del ledig kapasitet i 2017, men vi reknar med å fylle opp alt vi har, seier Tor Øivin Aa.
I 2015 leverte Brødrene Aa fem farty, i år blir det levert seks.

Passerer 50 båtar

Brødrene Aa har spesialisert seg på hurtigåande passasjertrafikk-båtar i karbonfiber-kompositt. Det reduserer vekta samallikna med glasfiber og aluminium, noko som mellom anna betyr sparte drivstoffkostnadar.
I løpet av året vil båt nummer 50 i karbonfiber vere levert, og no ventar Tor Øyvin Aa å kunne offentleggjer kontraktar for mellom 150 og 200 millionar kroner innan ei par månadar.

Stor interesse

Medan fart har vore eit sentralt poeng for Brødrene Aa sine båtar, endra det seg med lanseringa av den nye sightseeing-båten som i sommar vart sett i trafikk på Nærøyfjorden. Den skal først og fremst gå stille, og har det ikkje travelt. Båten på Nærøyfjorden går mest på batteri, men har dieseldrift i bakhand.
Aa karakteriserer interessea som svært stor, og seier ein kontrakt på ein ny slik båt kan vere blant dei han vil offentlegjere i løpet av dei neste to månadane.

Satsar på støtte

Medan den første turistbåten vart bygd utan støtte til miljøtiltak, forsking og utvikling, satsar Aa på å utarbeide eit prosjekt og søke om støtte før ein ny kontrakt blir inngått.
Mellom anna har batteriteknologien utvikla seg så raskt at det skal vere råd å doble energilagringskapasiteten samanlikna med den som er sett i drift. Det betyr at ein ny båt kan bli heilelektrisk.

Auka driftsinntekter

Forskyving av avtalar er ein årsak til at driftsinntektene gikk litt ned i fjor (sjå tabell). I år ventar Aa at selskapet vil nå driftsinntekter på mellom 270 og og 300 millionar kroner, og eit resultat før skatt på nivå mellom 2024 og 2015.
Brødrene Aa har rundt 150 tilsette. Skipsbyggingselskapet er eigd av Aa-familien i Hyen og Chu Kong Shipping Enterprises i Hong-Kong, som kjøpte seg inn med 40 prosent i verftselskapet i fjor.


Vi har fortsatt ein del ledig kapasitet i 2017, men vi reknar med å fylle opp alt vi har

Publisert: 16.09.2016 13:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:00