Ventar meir fiskebaatbygging i Noreg
IKKJE TVANG: Fiskeriminister Per Sandberg vil at ein større del av fiskeflåten blir bygd ved norske verft, men avviser bruk at tvang for at ønskjet skal bli oppfylt. Her er Sandberg på talarstolen under årsmøtet til Fiskebåt i Oslo i dag, onsdag 14. februar.
Nytt

Ventar meir fiskebåtbygging i Noreg

Fiskeriminister Per Sandberg trur innlemming av fiskeflåten i GIEK-ordninga vil gi meir fiskebåtbygging i Noreg.

14.02.2018
Sandberg blir ikkje overraska over at to at tre norskeigde fiskebåtar dei siste åra er kontrahert hos utanlandske verft.
- Dette har vi vore klar over. Det er difor vi har gjort noko med GIEK-systemet, seier Sandberg.

Utvida finansieringsordning

Etter omfattande lobbyverksemd fekk verftsnæringa, fiskebåtreiarane og kystfartsreiarlaga i fjor gjennomslag for at også båtar som skal brukast i Noreg kan få finansiering gjennom Eksportkreditt, med GIEK (Garantiinstiuttet for eksportkreditt) i ryggen.

Regelendringane gjorde mellom anna at Aker Biomarine valde å bygge sitt nye krillskip hos Vard på Nordvestlandet, og Sandberg reknar med at også andre norske fiskebåtreiarar vil følgje etter.
- Vi har fått gode tilbakemeldingar, seier Sandberg om responsen på regelendringane.

Nei til tvang

Sjølv om Solberg ventar at ein større andel av norske fiskebåtar blir bygd i Noreg, avviser han at det er aktuelt med tiltak som vil funger som pålegg om å bygge norsk.
Det blir stilt ei rekkje krav til fiskebåtreiarane, mellom anna miljøkrav. Det er ein kostnad.
- Då kan vi ikkje stille krav om at dei (fiskebåtreiarane, red. merk) skal bygge dyrast mogleg, seier Sandberg.

Trur på strukturering

Sandberg peikar på fleire faktorar som gjer at han ventar av fiskebåtreiarane vil halde fram med å bygge nytt.
Samling av fleire kvotar på færre farty er ei drivkraft for bygging.
- Vi er ikkje ferdig med struktureringa, seier han.
Han trur og utvikling av fisket etter nye artar, som krill og mesopelagisk fisk, vil føre til investeringar i fiskefarty.

Publisert: 14.02.2018 11:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:18