Ventar gjennombrot i Sverige og Danmark
SVERIGE OG DANMARK NESTE: Bano har fått eit solid fotfeste i Noreg og er i ferd med å få det same i Sverige og Danmark, seier økonomisjef Henriette Møll.
Nytt

Ventar gjennombrot i Sverige og Danmark

I 2004 slo Bano gjennom i Noreg. No er Sandane-bedrifta i ferd med å gjere det same i Sverige og Danmark.

12.06.2017
Bano sine baderomsinnreiingar for sjukeheimar og sjukehus er ein stor suksess i Noreg, og i fjor passerte selskapet 100 millionar kroner i driftsinntekter for første gang (sjå tabell). Salet er dobla på tre år.
- Vi er veldig fornøgde med dette resultatet, seier økonomisjef Henritte Møll.
Selskapet blei skipa av Roy Elsayed og Torbjørn Gisle Olseth i 2000. I 2006/2007 kjøpte dei Strukturplast på Sandane i Gloppen kommune for å få styring på produksjonen av viktige delar til baderomssystemet, og gradvis er meir og meir av aktiviteten i selskapet flytta til Sandane. No er det berre eigarane og salsselskapa som ikkje er på Sandane.

Stor optimisme

I dag står den norske marknaden for rundt halvparten prosent av driftsinntektene, i følgje Møll.
Det kan raskt endre seg, etter at eit langvarig arbeid i den svenske og danske marknaden byrjar å bere frukter.

- Vi har jobba i desse marknadane i fleire år, og no ser det ut til at det byrjar å losne, seier Møll.

Byggjer nytt

Bano har 10 tilsette på Sandane, medan søsterselskapet Strukturplast har rundt 35.
Optimismen hos Bano betyr og investeringar for å ta unna veksten selskapet ventar skal kome
Formannskapet i Gloppen tilrådde denne veka at kommune byggjer eit nytt fabrikkbygg som Strukturplast skal leige, og Strukturplast-sjef Frode Lindvik reknar med minst 15 nye arbeidsplassar der innan 2020.

Arbeidsdeling

Bano og Strukturplast er søsterselskap under Elsayes og Olseth sitt eigarselskapet Reto Invest.
Bano er sals- og utviklingselskapet, medan Strukturplast er produksjonsselskapet.
Selskapet har to anlegg på Sandane, der Bano og trevare-avdelinga i Strukturplast held til rett vest for Sandane sentrum medan plastproduksjonen til Strukturplast ligg i industriområdet aust for sentrum - der også utvidinga skal kome.

Sjølvhjelpt på badet

Poenget med Bano sine innreiingar er at dei skal vere solide og gjere det lettare å vere sjølvhjelpt på badet.
Det innber mellom anna godt plasserte handtak å halde seg i, og toalett og vaskar som kan regulerast til passande høgde. Skulle brukarane likevel trenge hjelp skal baderomsinnreiinga også gjere det lettare for pleiarane.
Storparten av Bano sine bad blir montert av Bano sine eigne montørar, seier Møll.

To bein

Etter kjøpet av Mjøsplast med sju tilsette på Moelv i år vil leveransar til Bano utgjere omlag 30 prosent av dei årlege driftsinntektene for Strukturplast.
Strukturplast leverer til både offshoreselskap, subseaselskap og oppdrettsbransjen, med produkt med sitt eige varemerke, Norsealast.
Mjøsplast hadde 16 millionar kroner i driftsinntekter i 2015 og var i stor grad retta mot oljebransjen.
Produksjonen på Moelv skal vidareførast, sjølv om produksjonskapasisteten blir utvida på Sandane serier Lindvik. Han har tru på oljebransjen, trass i oljeprisfallet.
Strukturplast merka at ordrane frå etablerte kundar i oljebransjen krympa, men opplevde samstundes at det opna seg marknad for nye produkt. Resultatet er ein vekst i denne marknaden, seier Lindvik.
Vi har jobba i desse marknadane i fleire år, og no ser det ut til at det byrjar å løsne

Publisert: 12.06.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:10