Ventar drahjelp av nye modellar
BRUKBART ÅR: Ford- og Nissa-forhandlar Marius Heidang-Olsen i Auto 8-8 Vestlandske ventar eit brukbart 2020, trass koronakrise
Nytt

Ventar drahjelp av nye modellar

Fire nye Ford-modellar vil dempe koronaeffekten ventar Auto 8-8 Vestlandske-sjef Marius Heidang-Olsen

28.05.2020
Nye og populære modellar kan løfte ein bilforhandlar som sleit eitt år til topps på salslistene året etter.
I år var det personbilane frå Ford som skulle gi løftet for Auto 8-8 Vestlandske, venta Heidang Olsen for 2020. No reknar han med ein rein elbil, to ladbare hybridar og ein tradisjonell fossil energi-bil i butikkane i alle fall skal dempe koronaeffekten.
- Det har vore vanskeleg i mars og april, men det ser betre ut no. Vi ventar at 2020 skal bli eit brukbart år, seier han.

20-30 prosent ned

Heidang-Olsen anslår at det er inngått 20-30 prosent færre avtalar om sal av nye og brukte bilar etter at koronaepidemien kom, samanlikna med same periode i fjor.
Tidleg i koronaepidemien frykta han at konsekvensane for bilsalet skulle bli langt verre enn det ser ut til i dag.
- Då dette sto på som verst i mars, trudde vi dette skulle bli langt meir langvarig.

Søsterselskap

Auto 8-8 Vestlandske er søsterselskapa til Auto 8-8 Rico, som blei kjøpt av Auto 8-8-konsernet i 2018. Auto 8-8 har hovudkontor i Hustadvik kommune, og eig forhandlarar på Nordmøre/Romsdal, Sunnmøre og i Sogn og Fjordane.

Vestlandske er Ford og Nissan-forhandlar, Auto 8-8 Rico sel Mazda og Hyunda.
Jorunn Lundanes i Auto 8-8 Rico anslår nybilsalet til å ha gått ned med 20-30 prosent etter at koronaepidemien kom.

Publisert: 28.05.2020 08:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57