Ventar at Stortinget gir meir hjelp til maritim industri
NHO-DIREKTØR: Espen Remme i NHO Møre og Romsdal såg lyspunkt i krisepakka, men meiner maritim industri burde få meir. 
Nytt

Ventar at Stortinget gir meir hjelp til maritim industri

NHO-sjef Espen Remme i Møre og Romsdal meiner også det vil vere naturlig at ei bedrift som Vard får dekka smitteverntiltak.

Marius Rosbach
29.05.2020
Fredag la regjeringa fram ei , som skal bidra til å få hjula i gong i næringslivet.
NHO-direktør i Møre og Romsdal, Espen Remme, såg med glede på fleire av tiltaka – ikkje minst at det blir letta på skatt på sokalla arbeidande kapital: – Det er noko som NHO har jobba for å få gjennom i mange år, påpeiker Remme til NETT NO.
Ideen med å lette på delar av formueskatten, er at bedriftseigarar skal få eit auka motiv for å investere i verksemda.
Lønnstilskott til bedrifter, vidareføring av kompensasjonsordninga og satsing mot det grøne skiftet, er også i tråd med kva NHO har ønska seg.
– Dette er ei viktig pakke, men samtidig er vi bekymra for at vi har fleire tøffe månader framfor oss, påpeiker Remme.

Les også:


Ventar meir frå Stortinget

NHO-direktøren er samd med kritikarane som Maritimt Forum Nordvest og Norske Skipsverft, som meiner at hjelpe til den maritime industrien er for lita.
– NHO Møre og Romsdal sluttar seg til den kritikken mot den delen av tiltakspakka. Vi har sterke forventningar til at det blir tilført meir midlar til den maritime industrien via behandlinga i Stortinget, seier Remme.-
Regjeringa la på bordet 684 millionar kroner til nye maritime prosjekt dei neste åra, i tillegg til gunstige låneordningar og meir satsing på forsking- og utviklingsprosjekt.

Meiner det er naturleg å få dekka smitteverntiltak

Vard-konsernet som har utgifter på fleire millionar i veka som ei direkte følgje av smitteverntiltak, frå staten.
Remme har forståing for synspunktet: – Vi ser det ikkje som unaturleg at bedrifter med store kostnader på smittevern, får kompensert dette, påpeiker han.
Vard er ikkje kvalifisert til å få støtte via kompensasjonsordninga, fordi dei hadde underskott i fjor. Samtidig er det ikkje ein svikt i inntektene, som ligg til grunn for dei ekstra utgiftene. Såleis ville dei truleg ikkje fått dekka desse utgiftene via kompensasjonsordninga uansett.

Utfordring med likviditet

– Verfta og store delar av den maritime industrien har også ei utfordring med likviditeten etter å ha hatt underskott i fleire år som følgje av den førre omstillinga, påpeiker Remme.
NHO-direktøren fryktar at inntektssvikten for den maritime industrien også kan kome.
– Reiselivet fekk svikten nærast over natta, men effekten for den maritime industrien kan kome på lengre sikt. Difor trur vi også mykje av det vanskelege ligg framfor oss, seier han.

Les også:




Publisert: 29.05.2020 15:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57