Vendepunkt i 2017
TODELT ØKONOMI: Fiskebåtreiarane har hatt fleire gode år, blant anna takka vere oljeprisfallet, medan offshorereiarane har lagt skip i opplag. Her er fabrikktrålaren Ramoen ved kai for lossing og lasting på Vartdal sommaren 2017, med offshorefarty i opplag i bakgrunnen.
Nytt

Vendepunkt i 2017

Næringslivet på Nordvestlandet har bak seg sitt andre minusår på rad. 2017 kan godt bli det tredje med underskot, men summen av alt fortel berre ein del av historia.

26.12.2017
- Det har vore eit annus horribilis. 2016 var verre enn 2015. Til og med drifta gjekk i minus, seier analytikar Harald Magnus Andreassen i Sparebank 1 Markets om oversikta over tilstanden i næringslivet på Nordvestlandet, basert på resultatet til over 2400 bedrifter i Nordfjord og på Sunnmøre.
Men det er fleire bedrifter som hadde auke i resultatet før skatt i 2016 (1250 bedrifter) enn bedrifter som hadde nedgang i resultatet (1060), viser oversikta selskapet Bisnode har sett opp for NETT NO.

I 2015 var fordelinga 50/50 mellom opptur- og nedtur-bedrifter. I 2016 bikka balansen over på pluss-sida igjen.
Andreassen peikar og på at to tredjepartar av bedriftene auka driftsinntektene i 2016. Biletet over tilstanden på Nordvestlandet spenner frå nattsvart til strålande sol.
- Det er historia om eit næringsliv som er utsett for veldig motstridande krefter, seier Andreassen.

Olje er ille

Nedturen i 2015 og 2016 kan forklarast som ein konsekvens av oljeprisfallet i 2014. Selskapa på botn av lista - med den største nedgangen i resultatet – er alle anten offshorereiarlag, verft eller utstyrsleverandørar som tidlegare henta inntektene sine frå bygging av offshoreskip eller utstyrsleveransar til offshoreskip.
Det er også dei som er hovudårsaka til at veksten i driftsinntekter samanlikna med året før gradvis er blitt mindre. I 2013 var veksten åtte prosent, i 2016 var den under 0,5 prosent.
Rangert etter storleiken på underskotet i 2016 – i kroner – er dei 16 første av dei 200 største selskapa alle innanfor offshore-kategorien.
Til saman hadde dei same 16 selskapa nesten 13 milliardar kroner i underskot i fjor. Trekkjer du desse selskapa ut av reknestykket, gjekk næringslivet på Nordvestlandet i pluss også i fjor.
Det er altså ein nedtur som er konsentrert om ein bransje, ikkje generell nedgangstid.
Tvert i mot er det svært gode tider i mellom anna fiskeri (sjå eigen reportasje), oppdrett, turisme og handel.
- Eg er skuffa viss vi ikkje ser langt betre tal i 2017 enn i 2016, seier Andreassen.

Investert for 7,8 milliardar

Byggeboomen som offshorereiarlaga stod for hos skipsverfta på Nordvestlandet, tørka praktisk talt inn i 2014. Etterpå har det handla om å fullføre inngåtte kontraktar, og finne nye marknader.
Men næringslivet slutta ikkje å investere sjølv om reiarane gjorde det.
Frå og med 2015 har brønnbåtreiarlaga Sølvtrans og Rostein kontrahert for 3,5 milliardar kroner – og i aukande grad i Noreg. Så lenge offshorereiarane tok storparten av verftskapasiteten blei brønnbåtane bygd ute. I år er alle kontraktane til Sølvtrans og Rostein inngått med norske verft, medrekna verdast største brønnbåt, eit skip til 500 millionar kroner som skal byggast hos Havyard sitt verft i Leirvik i Sogn.
Investeringane i dei ti største prosjekta som er sette i gang eller er vedtekne på Nordvestlandet sidan 2015 er på 7,8 milliard kroner, med Fjord 1 sine ferjer til over to milliardar og Olav Thon Gruppen sine utbyggingar for over 1,3 milliardar kroner på Moa og i Breivika på topp. (Du finn lista over dei største investeringane i ein eigen artikkel i magasinet).
Frå oljeprisfallet byrja å bite for alvor i 2015, er det også investert i eit par oppsiktsvekkande prosjekt – heilt utanom det som typisk er investert i på Nordvestlandet. Det er gondolbanen i Loen og datasenteret i den tidlegare olivingruva i Lefdal i Nordfjord. Til saman er det snakk om over ein halv milliard kroner i investeringar. Begge blei opna våren 2016, og begge ser ut til å ha fått ein flying start.

Lønsamt fiskeri

Rangert etter resultatmargin, resultat før skatt i prosent av driftsinntektene, er åtte av dei 20 mest lønsame selskapa i 2016 i kategorien fiskebåtreiarlag, oppdrettselskap eller brønnbåtreiarlag.
Resultatmarginen for desse var frå 25 prosent og oppover i fjor.
Salsgevinstar og omorganiseringar kan gi bokføringseffektar som gjer biletet unøyaktig på ei slik liste. Men ser vi på dei 100 mest lønsame av dei 200 største blir inntrykket stadfesta.
Av desse er heile 30 i fiske-relaterte bransjar; fiskebåtreiarlag, oppdrettselskap, fiskeindustri, utstyrsleverandørar til fiskeri-, oppdrett- og fiskeindustri.

Tungt i tyngepunktet…

Sjølv om det er mange positive signal, er det verdt å minne om at tyngdepunktet i næringslivet på Nordvestlandet er bedriftene i den maritime klynga; reiarlag, verft, utstyrsleverandørar og skipsdesignarar.
Dei bedriftene er framleis sterkt prega av oljenedturen. Rem Offshore, Farstad Shipping og Kleven-konsernet er alle heilt eller delvis komne på nye hender etter tøffe refinansieringar .
Bedriftene i klynga er likevel samla sett den største private arbeidsgivaren på Nordvestlandet, og når dei slit er det mange som blir råka.
Klyngeanalysen som analyseselskapet Menon Economics la fram i slutten av september i år viser at talet på tilsette i klynga no er på 14.900 personar.
Det er 3.700 færre enn toppåret 2014. Og talet på tilsette vil krype ned mot 14.000 før 2017 er omme. Då vil reduksjonen i jobbar i dei maritime bedriftene frå toppen i 2014 vere rundt 4.500.
Anslaget for 2017 er eit ytterlegare fall i driftsinntektene på 10 prosent og ein reduksjon i arbeidstokken på fem prosent.

…men tru på opptur

Trass ei framleis negativ utvikling i 2017 er Menon sin konklusjon likevel at den maritime klynga når botnen i år.
Det er klare teikn til at nedturen flatar ut og bedriftene er meir optimistiske, om enn frå eit lavt nivå.
Seks av ti bedrifter i den maritime klynga ventar at driftsinntektene aukar neste år, viser spørjeundersøkinga Menon har gjort. Åtte av ti ventar at nedbemanninga er over og at det til og med er tid for å tilsette fleire.
Optimismen i maritim klynge er faktisk større enn i næringslivet generelt når det gjeld forventingar til inntektsveksten.
Ei meiningsmåling som analyseselskapet Sentio gjorde i haust for Sparebank 1 SMNs konjunkturbarometer viser at over 45 prosent av bedriftene venter auka lønsemd og auka inntekter det komande året. Under sju prosent trur på nedgang.
16,2 prosent ventar at dei skal tilsette fleire folk, 4,3 prosent reknar med at dei vil redusere bemanninga. Resten trur dei vil halde bemanninga stabil.
Når også bedriftene i maritim klynge er med på stemningsskiftet, styrkjer det sjansen for at vendepunktet kom i 2017.
2016 var verre enn 2015. Til og med drifta gjekk i minus

Publisert: 26.12.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16