Vellukka satsing paa mat kultur og reiseliv
MOLDE: Frå v: Mads og Mikkel Marschall står bak det årlige gastronomiske eventet "Sol over Gudhjem" på Bornholm kvart år. Dei har mange tips for korleis utvikle reiseliv, mat og kultur i ein region. 
Nytt

Vellukka satsing på mat, kultur og reiseliv

Eit initiativ frå danske kokkar gjorde at Bornholm hamna i gastronomiens superliga. Dette er også noko Nordvestlandet kan lære av.   

Kristin Vidhammer
15.02.2018
Det danske brødreparet og kokkane Mads og Mikkel Marschall inspirerte deltakarane som var på kickoff for den nye satsinga på "Reiseliv, mat og kultur i Møre og Romsdal 2018-2020" i Molde tirsdag.
Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som har tatt initiativ til ei satsing i skjeringspunktet reiseliv, mat og kultur for å løfte fram Møre og Romsdal til Norges mest attraktive og lønsame reiselivsfylke.
Les meir .

Korleis løfte fram ein region

Mads og Mikkel Marschall fortalde korleis ein kan lukkast med å løfte fram ein region gjennom ei satsing i skjeringspunktet mat, kultur og reiseliv. Dei er anerkjente kokkar, rådgjevarar for fleire danske organisasjonar og eigarar og gründarar av det bornholmske konseptet "Sol over Gudhjem", som også er ein kokkekonkurranse i gastronomisk verdsklasse. Mads Marschall er også generalsekretær i Bocuse d'Or i Danmark.
Det som byrja som ein liten kokkekonkurranse blant vener og toppkokkar på Bornholm i 2009, har no utvikla seg til at Bornholm har hamna i gastronomiens superliga.
Bevisst satsing på dei aller beste kokkane og høg kvalitet på råvarer, har ført til at Bornholm og festivalen i Gudhjem har fått stor merksemd både i nasjonal og internasjonal presse. No kjem 10-15.000 mennesker frå heile verda til Bornholm og Gudhjem i juni kvart år for å sjå på kokkekonkurransane, få oppleve fantastiske smaksprøver og handle danske matprodukt av topp kvalitet.
Det er også venteliste for å delta både som deltakarar og dommarar i kokkekonkurransane innen mat, drikke og dessertar.
Under arrangementet vert det også delt ut produktprisar, der 100 lokale produkt frå heile landet konkurrerar. Dei har også ein stor matmarknad.

Heile reiselivet tener på dette

Tirsdag inspirerte brødrene med si historie og kom med gode råd for korleis ei slik satsing kan lukkast i utkantregionar.
- Vi har fokus på høg kvalitet, framfor kvantitet. Vi deler også ut 500 lokale smaksprøver som blir utvikla i samarbeid mellom lokale produsentar og topp kokker, noko som er veldig populært.
Det gastronomiske eventet vert finansiert 100 prosent av sponsormidlar.
- Heile reiselivet i området tener på dette. Dette har også bidrege til å utvikle og få fram ei rekke kvalitetsprodusentar, der mange også eksporterar produkta sine. Blir kvaliteten løfta, kan ei også oppnå høgare pris på produkta sine, påpeikte dei.
Bornholm har også fått mange fleire gode restaurantar som ein følgje av denne satsinga, blant anna har flinke kokkar også busett seg på Bornholm.

Råd for å lukkast med ei slik satsing

Brødreparet har fleire råd for å lukkast med ei slik satsing.
- Dei aller beste kokkane må delta på eit slikt gastronomisk event og ein må kople produkt med opplevingar. Då blir det ein hype, som fører til vidareutvikling. Derfor er det også viktig å arbeide med pressa nasjonalt og internasjonalt. Då byrjar journalistar å interessere seg for regionen og råvarene, seier dei.
Ein må også etablere kontakt med dyktige lokalmatprodusentar og etablerte verksemder som vil utvikle seg i ein kvalitetsmessig retning.
- Når produsenter og flinke kokkar byrjar å samarbeide, blir det skapt nye, spennande produkt.
Dei påpeikar at det er viktig å ha fokus på publikumsopplevinga og korleis ein kan lære publikum noko nytt. Dessutan er det viktig å gje lokalsamfunnet ei kjensle av eigarskap.
- Dette medfører stoltheit og at ein får mange lokale ambassadørar, noko som er svært viktig, påpeiker dei.
Bornholm har på grunn av denne satsinga opplevd betydelig vekst i antal overnattingar og lokalmatprodusentar.

Pop Ups og presseevents internasjonalt

For å spre interessen for "Sol over Gudhjem"-eventet, har dei også hatt Pop Up-events i Tokyo og i Mathallen i Oslo. Dei har også ein event ei veke i april kvart år på Rådhusplassen i København, samt at dei har events i New York for presse m.m.
Seniorrådgiver Marit Giske-Nilsen i Innovasjon Norge Møre og Romsdal seier at reiseliv og kreativ næring, der matopplevingar er ein naturleg del, er definert som eitt av seks vekstområde i Innovasjon Norge, og er område som dei meiner Norge har særskilte forutsetningar for å lukkast innanfor.

Innovasjon Norge se stort potensial i skjeringspunktet reiseliv og kreativ næring

- Norsk reiselivsnæring har eit stort potensial i seg sjølv, men vi trur at norsk reiseliv har eit mulegheitsområde som ikkje er fullt utnytta i dag - og det er i møtet mellom reiseliv og kreativ næring. Den treårige satsinga som er kickstarta denne veka, er altså heilt i tråd med Innovasjon Norge si satsing på reiseliv, uttalar ho.
Ho har ansvar for reiseliv i Innovasjon Norge Møre og Romsdal.
- Innovasjon Norge sin ambisjon er å vere reiselivet sin foretrukne marknads-, utviklings- og kompetansepartnar. Vår nærleik til reiselivsbedriftene, samt vår kompetanse og internasjonal nærver gir oss dei beste forutsetningane for å forstå og bidra til utvikling fra idé til marknad. Derfor ha vi også dedikerte reiselivsfolk ute i marknadane og her heime i Norge.

Nyttig portal for reiselivet

Innovasjon Norge har ganske nylig lansert ein portal for reiselivet der dei deler sin kunnskap/innsikt med næringa.
- Her er mykje nyttig; som marknadsdata, statistikk, undersøkingar,kurs, verkty etc, seier ho.
Sjå portalen her:.
Ein må ha vevisst satsing på dei aller beste kokkane og høg kvalitet på råvarer

Publisert: 15.02.2018 09:14

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:18