Veksten stoppa
NYTT MINUS: Sperre Coolers greidde neste å oppretthalde driftsinntektene, men gjekk med underskot i fjor. 
Nytt

Veksten stoppa

Etter kraftig vekst og eit lite overskot i 2016, butta det litt i mot for Sperre Coolers i fjor.

09.04.2018
Etter at kompressorverksemda i Sperre Mek. Verkstad-konsernet blei seld til fond forvalta av Norvestor Equity tidlegare i vinter er det Sperre Coolers som er den viktigaste verksemda det familieigde konsernet.

Etter fire år på rad med underskot, auka Sperre Coolers inntektene kraftig og snudde minus til pluss i 2016.

Erstatta offshore-marknaden

Driftsinntektene til selskapet på Ellingsøya steig med over 35 prosent, til 61 millionar kroner i 2016 (sjå tabell). Det skjedde sjølv om bestillingane frå offshorereiarlaga, som opphavleg var ein viktig kunde, blei mindre i 2016.
Selskapet lagar varmevekslaranlegg som i utgangspunktet var tenkt til kjøling av skipsmotorar og anna utstyr på skip.
For oppdrettsbransjen, som treng oppvarming til avlusingsanlegg, er det oppvarmingseffekten som er poenget.

Nytt minus

2017 enda med nytt underskot ( sjå tabell) og ein liten reduksjon i driftsinntektene.
Dagleg leiar Dag Vikestrand ønskjer ikkje å kommentere utviklinga så langt for selskapet i 2018.

Publisert: 09.04.2018 15:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:20