Vekst paa Vigra ned paa Hovden og Anda
VIGRA: Trafikken over Vigra aukar. I fjor reiste det 1.147.666 passasjerar over flyplassen.
Nytt

Vekst på Vigra - ned på Hovden og Anda

Totalt reiste 1.147.666 passasjerar over Ålesund lufthamn Vigra i fjor. Det er 1,5 prosent fleire enn i 2018.

13.01.2020
Det viser ferske tal frå Avinor.
Desember vart ein god trafikkmånad på Vigra med ein samla vekst på 3,2 prosent.
Totalt reiste 81.146 passasjerar over flyplassen i desember.
Av desse reiste 61.038 innland, ein vekst på 1,7 prosent i høve desember året før.
På utland reiste 19.323 passajerar, ein vekst på 8,0 prosent.

295.060 reiste utland

På årsbasis reiste det 844.192 passasjerar over innland, ein auke på 2,1 prosent frå året før.
Over utland reiste 295.060 passasjerar, ein auke på 0,4 prosent.
For kortbaneflyplassane på Hovden og Anda vart det derimot ein trafikksvikt i desember og året under eitt.

Dårleg desember

På Ørsta Volda lufthamn Hovden reiste det 7.515 passasjerar i desember, 12,5 prosent færre enn desember året før.
Totalt reiste det her 169.060 passasjerar i 2019, ein svikt på 5,1 prosent frå 2018.
For Anda lufthamn Sandane vart det ein kraftig nedgang i desember. Då reiste 2.218 passasjerar over flyplassen, 18,4 prosent færre enn året før.
På årsbasis reiste det her 41.353 passasjerar, 2,1 prosent færre enn året før.

54 millionar totalt

Avinor opplyser at totalt reiste det i fjor 54 millionar passasjerer over Avinors lufthamner i 2019, ein auke på 0,6 prosent samanlikna med 2018.
Totalt reiste det 28 592 619 passasjerar over Gardermoen.

Publisert: 13.01.2020 08:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:49