Vekst og god drift i E Trans
STRANDA: E-Trans på Stranda har no 54 tilsette og omlag 40 køyrety. - Vi har vekse jevnt, seier dagleg leiar Brede Engeset til h. og driftssjef Sven Ove Langlo. 
Nytt

Vekst og god drift i E-Trans

E-Trans på Stranda klarar seg godt i ein tøff transportbransje. 

Kristin Vidhammer
10.11.2017
Hovudaktiviteten til E-Trans har i ei årrekkje vore godstransport langs kysten, først for Norske Godslinjer/Nor-Cargo, og sidan for Bring Logistics, då dei kjøpte opp Nor-Cargo på 2000-talet. Hovudruta har heile tida vore mellom Bergen og Møre, men dei har no også avtale om å høyre frå Ålesund og opp til Narvik.
- Omlag 60 prosent av omsetninga vår kjem frå Bring (som er eit dotterselskap av Posten Norge), resten kjem frå andre kundar som vi forhandlar med og betener direkte, seier dagleg leiar og hovudaksjonær Brede Engeset i E-Trans.

Pressa marginar

Han etablerte E-Trans i 1988. E-Trans fekk i fjor ei omsetning på ca. 87 millionar kroner og eit resultat før skatt på i overkant av seks millionar (sjå tabell). Det er også på dette nivået resultata har vore siste åra, noko som er svært bra i ein tøff transportbransje.
I år budsjetterer dei med ei omsetning på 90 millionar kroner.
- Vi opererer i ein stram marknad, men vi veks jevnt i lag med kundane. Vi er fornøgd med resultatet, som er bra sett i bransjesamanheng. Målet er likevel å få betre og betre marginar, noko som vi opplever blir vanskelegare og vanskelegare.
Blant anna blir speditørane større og større gjennom samanslåingar, noko som gjer at dei kan presse transportørane på prisar. Speditørane konkurrerar sjølv med store interasjonale aktørar.
Gode resultat i transportbransjen kjem difor ikkje av seg sjølv. E-Trans merkar også konkurransen frå utanlandske aktørar på partilast, som kan drive med lavare lønningar.

God trafikk- og flåtestyring viktig nøkkel for god drift

Ein viktig nøkkel til god drift er god utnytting av bilane gjennom trafikk- og flåtestyring.
- Moderne teknologi har gitt oss reiskap som har rasjonalisert flåtestyringa veldig mykje. Vi brukar eit system som heiter Scania Fleet Management, der vi også på mobil og ipad kan lese av alle data om aktiviteten til bilane p.t og historisk - kvar dei er, køyre- og kviletid etc. - alt vi treng for å optimalisere trafikk og bruk av bilane.
Sjølv om sjåførane må kvile, treng ikkje bilane det. E-Trans har til dømes seks faste stillingar på to bilar, og der bilane som går lengst, kan gå opp mot 240.000 km i året.

Dei har no 54 tilsette i E-Trans totalt. Gjennom E-Trans Eigedom, har dei leilegheiter til sjåførane i Bergen, Stranda, Skodje og Trondheim.
- Dette er sjåførbustader for kviletid og for å få opp trivselen. Vi har stor fokus på køyre- og kviletider, og vi leiger også inn eit kontrollfirma,Transportkompetanse, som gjer ein ekstern sjekk for oss fem gongar i året.

11 nye bilar berre i år

E-Trans har no omlag 40 køyrety som dei leasar. Dei er opptatt av å ha ein ny bilpark, og der snittalderen er under 2,5 år. Dette gjer at dei heile tida skifter ut bilane.
- Vi har fått 11 nye bilar berre i år, og fleire er i bestilling.Vi vil også ha dei mest moderne motorane på forureining (Euro6), og det er mange krav vi møter som gjer investeringane litt dyrare. Men samtidig er finansiering og pengar billeg i dag, og om du låner eller leaser, går ut på det same omtrent. Ei lav rente har hjelpt oss bra.
Dei har gjennom leasingavtalane reparasjonsavtalar på bilane, som inneber at det ikkje kjem ekstra kostnader i samband med reparasjonar. Dette sikrar forutsigbarheit slik at dei veit kva bilane vil koste dei.
- All service vi treng, får vi av Scania. Vi prøver å bruke den lokale Scania-verkstaden her på Stranda mest muleg. Vi er opptatt av å støtte opp under lokale arbeidsplassar, seier Engeset.

Store utgifter til diesel, ferjer og bompengar

Løningar og utgifter til diesel, ferjer og bompengar utgjer store beløp for E-Trans. Fra 1. januar i år auka også avgifta på diesel med 55 øre pr liter.
- Vi bruker 1,7 millionar liter diesel i året. Dersom dieselprisen går opp ei krone pr liter, er dette store beløp som går rett på resultatbotnlinja, sjølv om vi får rabatt på diesel. I fjor fylte vi diesel for 16 millionar kroner eks. mva., i tilegg til at vi betalte 6,5 million kroner i ferjer og bompengar.
Det er heller ikkje berre berre å få tak i sjåførar.
- Det er ein stram marknad og vi klarer ikkje å få tak i berre norske. No er omlag 20 prosent av sjåførane våre utanlandske, der alle er fast tilsett.
Brede Engeset eig 80 prosent av E-Trans, i tillegg eig brødrene hans Arvid og Frank 5 prosent kvar og Sven Ove Langlo eig 10 prosent.
E-Trans har i tillegg 51 prosent av aksjene i Trailerservice AS, som har godsterminal på Stranda og driv med lagerutleige.
Moderne teknologi har gitt oss reiskap som har rasjonalisert flåtestyringa veldig mykje

Publisert: 10.11.2017 10:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:15