Vekst for Geiranger Fjordservice
AUKA KAPASITET: Geiranger Fjordservice sitt nye sightseeingsfarty er utrusta for å kunne erstatte dieselmotorane med hydrogen eller batteridrift i framtida. Leif Magne Klubbenes (biletet) er styreleiar. Han  
Nytt

Vekst for Geiranger Fjordservice

Geiranger Fjordservice auka inntekt og lønsemd i fjor. 

20.04.2018
Dei tre siste turistsesongane har Geiranger Fjordservice leigd inn ein ekstra båt for å teste marknaden for to sightseeingsbåtar på Geirangerfjorden, før selskapet i fjor bestemte seg for å investere i nybygg ett som blir sett i trafikk i sommar.
Utvida kapasitet har slått ut i større inntekter. Frå årlege driftsinntekter på i underkant av 20 millionar kroner, hoppa driftsinntekten til over 21 millionar kroner i 2014, og i fjor passerte dei 24 millionar kroner (sjå tabell).

Heilårsdrift

Katamaranen er den største investeringa Geiranger Fjordservice nokon gong har gjort, og skal trafikkere Geirangerfjorden i turistsesongen frå april/mai til september/oktober.
NETT NOs anslag er at prislappen er på i underkant av 35 millionar kroner.
Utanom turistsesongen skal Geiranger Fjordservice flytte båten til Ålesund, og leige den ut til firmaturar, konferansar og turar for vinterturistar i samarbeid med hotellnæringa i Ålesund.

Fjord1 på eigarsida

For å finansiere nybygget henta Geiranger Fjordservice inn 8-10 millionar kroner i ny eigenkapital frå eksisterande aksjonærar og finansierte resten med lån.
Fjord1 er største aksjonær i selskapet (cirka 30 prosent). Fjord1 er også 50-prosent eigar i Fjords, som driv sightseeingsbåt på Nærøyfjorden og ferjeruta Geiranger-Hellesylt.

Publisert: 20.04.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:21