Veks kraftig og tilset fleire folk
FISKEVEGN: Frøystad har største monteringskapasiteten på garn i Norge. Her Gøril Drabløs og Per Frøystad fremst.
Nytt

Veks kraftig og tilset fleire folk

Fiskevegnprodusenten Frøystad hadde eit bra fjorår, men i år har det tatt skikkeleg av.

12.07.2019
- Så langt i år har vi hatt ein omsetningsvekst på nærare tretti prosent. Det ser skikkeleg bra ut.
Det seier dagleg leiar og hovedaksjonær Per Frøystad ved Herøy-bedrifta.
I fjor omsette selskapet for 34,3 millionar kroner, og hadde eit resultat før skatt på 3,4 millionar - begge deler ein oppgang frå året før.

Populært flytetau

Per Frøystad seier at selskapet har hatt vekst innanfor ei rekkje område.
- Vårt eigenutvikla flytetau held fram med å ta marknadsandelar.
- Men vi veks også på teiner, garn til snurrevad og andre garn.

Fleire tilsette

Nytt er satsinga på oppdrett.
- Her har vi fleire nye produkt, men har hittil seld mest av fortøyingstau og beredskapsgarn.
For eitt år sidan hadde selskapet 15 tilsette. No er ein tjue.
- Om utviklinga held fram, vil vi tilsetje endå fleire.

Satsing på reketeiner

I fjor selde selskapet over 15.000 teiner, det meste krabbe-, hummar- og krepseteiner.
Men Per Frøystad har tru på auka sal av reketeiner.
- Vi har vore med på eind el forsøksfiske, blant anna i Tanafjorden.
- Snittet har lege på to-tre kilo per teine. Med 500-1.000 teiner per båt, kan dette verte eit skikkeleg lønsamt fiskeri.

Samarbeid med Møreforsking

Teinene vert normalt egna med pellets, som normalt vert brukt til laksefôr.
- Vi vil no gjere fleire forsøk, blant anna i samarbeid med Møreforsking, seier Frøystad.
Blant produkta er også Fotballpartner, som er ein treningsvegg med stramt tau som sender ballen tilbake til avsendaren, og er godt egna for eigentrening for fotball- volleyball- og handballspelarar.
Per Frøystad eig 71 prosent av selskapet, medan Hallgeir Frøystadvåg eig 19 prosent og Cherry He Li eig 10 prosent.
Selskapet hadde ved siste årsskifte ei samla gjeld på 13 millionar kroner.
Aksjonærane kan for fjoråret dele eit utbyte på 1,7 millionar kroner.

Publisert: 12.07.2019 10:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:37