Veibust byggjer nytt
AVTALE SIGNERT: Henning Veibusts (i midten) kontrakt med Karstensen Skibsværft er den 17 kontrakten det danske verftet inngår med ein norsk fiskebåtreder. Veibust flankeres av Knud Degn Karstensen og Kent Damgaard fra Karstensen Skibsværft.
Nytt

Veibust byggjer nytt

Inngår avtale med Karstensen Skibsværft. Investerer 300 millionar kroner.

14.02.2018
Fiskebåtreiar Henning Veibust i Ålesundsignerer avtalen med danskane i dag.
Andre reiararlag sine positive erfaringar med Karstensen gjorde utslaget for at Veibust valde Karstensen, seier han:
- Vi har sett båtane dei har levert, båtane ser ut til å fungere.

Kombinasjonsfarty

Det nye fartyet er en kombinert ringnotsnurpar og pelagisk trpåler, med ringnotkvote, kolmule- og vassild-kvote.
Fartyet blir 80 meter langt og 16 meter breidt.
Det skal leverast i februar 2020.
Kontakten er den 17. fiskebåten Karstensen bygger for norske reiarar.

Tre båtar

Medrekna nybygget har Henning Veibust tre fiskebåtar med ringnotkvote, kolmue- og vassildkvote. Ingen av båtane har nådd taket for kor mykje kvoten som kan samlast på ein båt.
Veibust kunne ha samla alle kvotane på to båtar, men det er ikkje aktuelt med dagens system. Hadde han samla kvotane ville han måtte gi frå seg ein del av kvotane etter 20 år, og det er ikkje aktuelt.

Reiarlaget kan godt fiske med tre båtar, seier Veibust.

Kjøpte kvote

I fjor kjøpte Veibust vassild- og kolmulekvote frå reiarlaget Torbas. Dei skal fiskast av det nye fartyet, saman med ringnotkonsesjonen Veibust hadde frå før.
Båten er finansiert med lån frå Sparebanken Møre og Innovasjon Norge.

Publisert: 14.02.2018 17:05

Sist oppdatert: 01.03.2022 11:45

Mer om