Ved dette verftet vert det tent pengar
LARSNES: Nytt bra år for Larsnes Mek Verksted. No skal kaia utvidast, og det er også planar om ny tørrdokk.
Nytt

Ved dette verftet vert det tent pengar

Larsnes Mek. Verksted hadde eit nytt bra år i fjor, og har godt med arbeid framover. No skal kaia forlengast og det vert planlagt tørrdokk.

12.07.2018
- Ja, det ser bra ut. Vi vert stadig kontakta av reiarar som vil byggje båtar hos oss.
Det seier verftsdirektør Jarle Gunnarstein på telefon frå Gdansk.
Der er Gunnarstein for å sjå eit av skroga vel avgarde mot Larsnes, men også for å feire 60-årsdagen sin, som var onsdag, men som vert feira i helga.
- Vi vert rundt 120 gjestar. Det vert stas, seier Gunnarstein.
I fjor kom omsetninga ved verftet opp i knapt ein halv milliard kroner, og resultatet før skatt enda på 18,8 millionar.
- Marginane kunne gjerne kunne vore høgare, men det er trass alt ikkje så verst når ein ser på ein del ande verft, seier Gunnarstein.

Utvidar kaia med 50 meter

Ved verftet er det nyleg tatt i bruk ein ny stor hall. No skal kaia forlengast med rundt 50 meter.
- I tillegg arbeider vi med reguleringsplanen, slik at vi kan få byggje ei tørrdokk på 120 x 23 meter.
Brønnbåtreiarlaget Rostein er hovudaksjonær ved verftet, med 68,75 prosent av aksjane, og har brukt verftet for bygging av sin nye brønnbåtflåte.
Men sju-åtte av båtane til Rostein er så store at verftet ikkje kan ta dei på land for reperasjonar og vedlikehald.
- Med ny dokk kan vi serve heile Rostein-flåten, i tillegg til andre båtar. Men ny kai kjem først, seier Gunnarstein.

- Lukkeleg som liten

Ved verftet arbeider det i dag rundt 55 fast tilsette, men under dei mest hektiske periodane i fjor var ein oppe i rundt 190 i produksjonen.
Gunnarstein seier at det ikkje er store planar om å ha fleire eigne tilsette.
- Nei, vi kjem nok til å liggje omlag der vi i er i dag.
- Det er noko som heiter lukkeleg som liten, seier 60-åringen.

Fiske- og brønnbåtar

I fjor leverte verftet brønnbåten Ro West til Rostein og den kombinerte snurparen/snurrevadaren Sander Andre til Mirsel.
Hittil i år har verftet levert snurrevadbåten Gunnar K til Kristoffersen i Myre, samt brønnbåten Ro Fortune til Rostein.
I oktober/november skal snurparen/snurrevadaren Hovden Viking leverast til Hovden Senior, medan på slutten av året skal snurparen/snurrevadaren Nordhavet leverast til Arvesen.
- Det går klart mest på fiskebåtar. Det er dette vi har spesialisert oss på, og det har vist seg å vere rett, seier Gunnarstein.

Arbeid i to år

Verftet har også flagga ein kontrakt om ein pelagisk trålar til Shetland-reiarlaget Zephyr Fishing Company, men har meir på gang.
- Slik det ser ut til no, har vi fylt ordreboka med nybygg fram til våren/sommaren 2020, seier Gunnarstein.
Han eig sjølv 5,63 prosent av selskapet, og er største aksjonær etter Rostein.
Totalt er det 14 aksjonærar, der Karim Longva og Tatjana Longva er tredje og fjerde størst med 4,06 prosent av aksjane.
Aksjonærane kan for fjoråret dele eit utbyte på 1,5 millionar kroner.
Slik det ser ut til no, har vi fylt ordreboka med nybygg fram til våren/sommaren 2020

Publisert: 12.07.2018 10:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:24