Vart trigga av alle som sa at det var haaplaust
BLAKSTAD: Karl og Berit Ekornes har gjenreist Blakstad Gard, og bygt eit besøks- og opplevingssenter.
Nytt

Vart trigga av alle som sa at det var håplaust

Karl Ekornes hoppa av som vellukka forretningsmann og har i staden gjenreist Blakstad Gard.

10.09.2019
- Det mangla ikkje på åtvaringar. Dei fleste meinte det var eit håplaust prosjekt, og at bygningane var så gamle og dårlege at det var berre å rive.
- Dette trigga meg. Eg likar utfordringar.
Det seier Karl Ekornes som saman med kona Berit har skapt eit besøks- og opplevingssenter på Blakstad Gard i Sykkylven.

Lokalmatfestival

I helga var det over 500 innom under lokalmatfestivalen som vart arrangert på garden.
Då paret i 2014 år sidan selde huset på Skodje og kjøpte garden i Sykkylven, var både det 140 år gamle våningshuset, den over 100 år gamle løa og det over 300 år gamle stabburet til forfalls.
Etter å ha investert 15 millionar kroner og lagt ned enormt med arbeid, inviterer no paret til ulike arrangement frå pubkveldar, blåturar til bryllaup på låven med plass til 100 personar.
I løa er det i tillegg konferanserom, og laga til rom for overnattande gjester.

Ville ha livsstilsendring

I kjellaren i våningshuset er det laga til festsal for mindre grupper, og på garden er det i tillegg sauer, hestar, geiter, grisar, høner, ender, gjess og i tillegg tatt vare på mykje gamalt landruksutstyr.
- Dette viser at alt er muleg, om ein vil det nok, seier Karl Ekornes.
Han er son til den mangeårige Ekornes-konsernsjefen Jens Petter Ekornes, og gjekk lenge i faren sine fotspor, blant anna som visekonsernsjef i Skeidar-konsernet.
- Men etter kvart fann vi ut at vi ville ha ei livsstilsendring, og slo til så fort denne garden var til sals.
Her har paret etablert seg med fire døtre.

Vikinggrav

Karl Ekornes seier at dei ikkje har angra ein dag.
- Nei, dette var heilt rett for oss, men det har vore enormt med arbeid, spesielt sidan vi ville gjenskape byggja slik dei opphavleg var.
- Vi har ikkje vore vekke frå garden meir enn fire dagar dei siste fem åra.
No er planen å leve av garden, som er på 320 mål, der 35 mål er dyrka.
I fjøra er det ei stor vikinggrav, og her er det no bygt kai, slik at større båtar kan leggje til.
- Dette vert ein besøks- og opplevingsgard, og vi kan ta imot mykje folk, seier Ekornes.

Eige brygg

Han har bygt storkjøken, har eigen kokk, har fått skjenkeløyve og kan snart servere sitt eige Blakstad-brygg.
- Slik det ser ut no, kan vi leve greitt av garden framover.
Han brenn for lokalmat og lokal mattradisjon, og å leve nær naturen.
- Ja, heldigvis ser det ut til at stadig fleire får opp augene av alle dei fantastiske matprodukta som vert produserte her i regionen.
Vi har ikkje vore vekke frå garden meir enn fire dagar dei siste fem åra

Publisert: 10.09.2019 05:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:39