Varslar sal eller ny kapitalutviding
MEIR PENGAR: Energy Empress (biletet) og søsterskipet Energy Duchess blei levert til Golden Energy Offshore Services i fjor. Når neste avdrag på finansieringa av skipa skal betalast neste vår kan det bli ei ny kapitalutviding i selskapet.
Nytt

Varslar sal eller ny kapitalutviding

Golden Energy Offshore Services i Ålesund har nettopp henta 10,3 millionar i ny kapital, men kan trenge meir pengar.

01.07.2020
Behovet for meir pengar er knytt til to kombinerte konstruksjon- og plattformforsyningskip, Energy Empress og Energy Duchess, som selskapet tok over i fjor vår.

Deler av første avdrag på finansieringa er betalt, medan storparten av betalinga er flytta til mai neste år og skal betalast saman med andre avdrag.

Styret skriv i årsmeldinga for 2019 at den meiner selskapet etter kapitalutviding i år kan drive i det komande året, gitt at marknaden betrar seg som venta. Men ved betaling av første og andre avdrag på finansieringa neste vår trengst det meir kapital og det er ein "klar risiko" for at pengane må skaffast enten ved sal av eigedom eller innspøyting av ny kapital frå dagens eigarar og/eller nye investorar.

Seks skip

Eigedom for eit reiarlag er først og fremst skip, og i tillegg til Energy Empress og Energy Duchess har Golden Energy Offshore Services plattformforsyningskipa Energy Swan og Energy Scout. Tre av dei ligg i opplag, ifølgje årsmeldinga.
I 2018 hadde selskapet ein finansgevinst på 102 millionar kroner på omgjering av gjeld til aksjar. Det er grunnen til at selskapet hadde eit overskot før skatt i 2018, trass i større underskot på drifta i 2018 enn i 2019 (Sjå tabell. På mobil finn du tabellen nederst på sida).

Såg lysning

I 2019 og i starten av 2020 såg Golden Energy Offshore Services vedvarande betring i marknaden.
Men koronaepeidemien og oljeprisfallet har hatt ein "øydeleggande" verknad på verksemda til selskapet, skriv styret i årsmeldinga.
Selskapet Gemco teikna seg for nesten halve kapitalutvidinga som nettopp er fullført og eig no 26,6 prosent av aksjane i Golden Energy Offshore Services. Gemco er eigd av rentertrader Olav Gunnes i DNB Markets, i følgje Finansavisen. Selskapet er verdsett til 58 millionar kroner på børsen, før børshandelen startar i dag.

Publisert: 01.07.2020 09:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59