Varmtvass behandling gir laksen smerter
TEST: Offshorefartyet "Far Server" ved Fjordlaks (no Hofseth Aqua) sitt anlegg i Liabygda i 2016. Skipet blei brukt som plattform for testing av Optimar sitt avlusningsanlegg i oppdrettsnæringa. Slike anlegg gir laksen eit kort bad i varmt vatn og har vore ein stor kommersiell suksess, men nye vurderingar frå Havforskingsinstituttet og Veterinærinstituttet er at metoden også er smertefull for laksen.
Nytt

Varmtvass-behandling gir laksen smerter

Nye undersøkingar viser at varmebehandling for å avluse oppdrettslaks gir fisken smerter.

29.03.2019
NPK-NTB/NETT NO: Laksen svømmer i ring, ristar på hovudet og viser panikkåtferd under behandling med varmt vatn mot lakselus, viser forsøk frå Havforskingsinstituttet og Veterinærinstituttet.
Det er den mest brukte medikamentfrie metoden for å avluse oppdrettslaks som viser seg å påføre laksen smerter. Mattilsynet ber no oppdrettarar om å ta omsyn til resultata i undersøkinga og inviterer bransjen til diskusjonsmøte rett etter påske.
I 2018 vart det gjennomført 1.370 varmvassbehandlingar for å fjerne lakselus hos oppdrettslaks. Det utgjorde 68 prosent av alle medikamentfrie behandlingar.

Kommersiell suksess

Anlegg for varmtvassbehandling av lakselus har vore ein stor kommersiell suksess, blant anna for fiskeutstyrsleverandøren Optimar.
Anlegga blir monterte på flåtar, brønnbåtar og arbeidsbåtar og bruken av anlegga er ei viktig årsak til at oppdrettsnæringa har fått ned bruken av kjemikaliar mot lakselus.

Varmvassbehandling inneber at oppdrettsfisken blir overført til eit vassbad som vanlegvis held mellom 28 og 34 grader. Fisken blir liggande i dette vassbadet i rundt 30 sekund.
Det er tidlegare kjent at slik behandling kan gi risiko for skade og auka dødelegheit, noko som var bakgrunnen for at Mattilsynet bad Havforskingsinstituttet og Veterinærinstituttet om å vurdere om varmvassbehandling påfører fisken smerte.

Svømte i sirkel

Resultata frå forsøka viser at oppdrettslaksen reagerte med tydeleg smerteåtferd. Nokon av symptoma var høg svømmehastigheit, kollisjon med veggene i karet og risting på hovudet.
Etter kvart braut fisken overflata, svømte i sirkel og i nokre tilfelle vart det observert sidevegs bøying av kroppen. Denne åtferda fortsette til fisken mista likevekt og enda liggande urørleg på sida. Forskarane meiner at auka skadefrekvens og dødelegheit ved varmvassbehandling kan komme av stress og panikkreaksjonar på grunn av det varme vatnet.

Nye retningslinjer

– Oppdrettarane og andre som gjennomfører lakselusbehandling med varmvatn må ta omsyn til denne nye kunnskapen. Ansvaret for fiskevelferda ligg hos oppdrettarane. Dei skal sørge for at helsa og velferda til fisken er vurdert før kvar og ei form for behandling, seier Elisabeth Wilmann, direktør for fisk og sjømat i Mattilsynet.
Mattilsynet vil no utarbeide nye retningslinjer for korleis inspektørar skal følgje opp varmvassbehandling spesielt. Etter påske vil tilsynet invitere aktørane i oppdrettsnæringa til eit møte.
Oppdrettarane og andre som gjennomfører lakselusbehandling med varmvatn må ta omsyn til denne nye kunnskapen

Publisert: 29.03.2019 08:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:33