Varm suksess for Sperre Coolers
I PLUSS: Etter fire år med minus gjekk Ellingsøy-selskapet Sperre Coolers i pluss i fjor. 
Nytt

Varm suksess for Sperre Coolers

Leveransar til oppdrettsbransjen gav Sperre Coolers solid vekst i fjor. Gjekk i pluss etter tøffe år.

27.06.2017
Driftsinntektene til selskapet på Ellingsøya steig med over 35 prosent, til 61 millionar kroner i 2016 (sjå tabell). Det har skjedd sjølv om bestillingane frå offshorereiarlaga, som opphavleg var ein viktig kunde, har blitt mindre.
Det er oppdrettsbransjen som har sikra veksten, seier dagleg leiar Jan Erik Våge Klepp i Sperre Coolers.
Selskapet lagar varmevekslaranlegg som i utgangspunktet var tenkt til kjøling av skipsmotorar og anna utstyr på skip.

Tek knekken på lakselus

For oppdrettsnæringa er behovet stikk motsett. Den treng varme til avlusingsanlegg.
Sidan eit varmevekslaranlegg flyttar varme frå ein stad til ein annan, kan det også brukast til oppvarming, slik oppdrettarane spør etter, og varmevekslingsanlegg frå Sperre Coolers er i dag ein del av avlusningsanlegg for oppdrettslaks.

Store underskot

Verksemda i Sperre Coolers er ein del av Sperre Mek.Holding-konsernet, og vart skilt ut i som eit eige selskap i 2012.

Etter fire år med nesten 18 millionar kroner i underskot var 2016 det første året med pluss.
Våge Klepp vil ikkje snakke om eit gjennombrot for selskapet førebels, men seier Sperre Coolers no er i ferd med å profitere på den innsatsen som er lagt ned sidan starten.
Produktet deira er meir kjent og dermed lettare å selje. Selskapet har også auka talet på tilsette i marknadssida, mellom anna for å få innpass i nye marknadar.
Så langt i år ligg Sperre Coolers an til å få driftsinntekter på line med 2016, i følgje Våge Klepp.

Nest størst

Sperre Coolers er det nest største selskapet i Sperre Mek. Holding-konsernet.
Storebror er kompressorprodusenten Sperre Industri (sjå tabell).
Sperre Industri ventar at driftsinntektene for 2017 blir om lag som i 2016.

Publisert: 27.06.2017 15:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:11