Vard vil ikkje ha karantenehotell
STRENGARE REGLAR: Reglane Vard har for sine arbeidarar er strengare enn dei styresmaktene har innført, påpeiker kommunikasjonssjef Hege Anita Akselvoll. 
Nytt

Vard vil ikkje ha karantenehotell

Det er «liten eller ingen kontroll» med smitte frå utanlandske arbeidarar, hevdar Sylvi Listhaug. Vard trur ikkje ho siktar til dei.

Marius Rosbach
12.01.2021
Vard vil ikkje at deira arbeidarar skal vere nøydt til å bu på karantenehotell, slik Sylvi Listhaug (Frp) har føreslått. Årsaka er at konsernet har strengare reglar enn styresmaktene har innført, og sjølv vil ha kontroll på arbeidarane sine.
– Vi har praksis eigne karantenehotell, berre at det er brakkeriggar. Samtidig har vi eit strengare test- og karanteneregime enn det som blir praktisert andre plassar. Vårt mål er å få arbeidarane raskast mogleg til riggen der vi sjøl kan ha kontroll på situasjonen, fortel kommunikasjonssjef Hege Anita Akselvoll til NETT NO.

Ingen smitte til lokalsamfunna

Sidan romjula har Vard teke i mot kring 800 arbeidarar, og av desse har 28 testa positivt for koronasmitte. I ettertid har nokre av desse testa negativt, etter sokalla «usikre positive testar». Difor er det reelle talet noko lågare.
Akselvoll stadfestar at det ikkje har vore spreidd noko smitte frå deira brakkeriggar eller lokasjonar til lokalsamfunna.
– Vi har under heile pandemien hatt to hovudmål: Det eine er å unngå smitte på våre lokasjoner og i lokalsamfunnet, og det andre er å halde hjula i gang for å sikre arbeidsplassar. Vi har oppdaga tilreisande med smitte på eit tidleg tidspunkt, medan arbeidaren og nærkontaktar enno har vore i innreisekarantene. Alle med påvist smitte blir overført til dedikerte isolasjonsbrakker og følgt opp av vårt eige helsepersonell, fortel ho.

Listhaug: «Liten eller ingen kontroll»

Dei siste vekene har det vore mykje uro i mange lokalsamfunn kring smittesituasjonen ved bedrifter som har mange arbeidarar frå utlandet. Uroa blir truleg ikkje mindre etter at Sylvi Listhaug har engasjert seg i saka.
Både i eit til Stortinget og i eit på Facebook, skriv stortingspolitikaren frå Sjøholt at ho har fått tilbakemeldingar om at det er «det er liten eller ingen kontroll på om de som kommer til Norge tester seg, eller om de følger opp kravene om karantene».
I spørsmålet som er stila til helseministeren, vil stortingspolitikaren at Bent Høie gjer reie for importsmitten til landet.

Viser til Vestnes

Akselvoll i Vard trur Listhaug siktar til arbeidsinnvandring generelt, og påpeiker at dei har fått veldig positive tilbakemeldingar på deira opplegg både frå lokale og nasjonale styresmakter.
– Eg reknar med at Listhaug ikkje ønskjer å ta alle under ein kam, og at ho er godt kjent med at Vard og andre selskap gjer eit omfattande og godt arbeid for å unngå at det skal spreie seg smitte, seier ho.
Listhaug viser i sitt spørsmål til at 25 «friske» arbeidarar i Vestnes kommune har testa positivt, sjølv om dei hadde papir på negative testar i heimlandet.

Naturleg at nokre testar positivt

Smittetilfella Listhaug viser til, er Vard-arbeidarar. Kommunikasjonssjefen i Vard påpeiker at dei ikkje har mistanke om at nokon har hatt falske papir, og at det kan skje at nokre testar positivt, trass i ein negativ test i heimlandet.
– Sjølv om dei testar seg under 72 timar før dei kjem til Norge, er det ein risiko for at nokon kan ha blitt testa i ei tidleg fase i sjukdomsforløpet, eller at dei blir smitte før utreise. Samtidig er det stor risiko for smitte under reise, spesielt i denne perioden der det har vore mykje kø på flyplassane, fortel Akselvoll.
Vard testar sine arbeidarar ytterlegare to gonger før dei kan gå på jobb – både når dei kjem til brakkeriggen, og når karantenen er ferdig. Også transporten frå flyplassen er i hovudsak tilrettelagt for reisande frå raude land – medan nokre få køyrer eigen privatbil til «karantenebrakkene» på Trohaugen.

Risikerer jobben ved brot på reglane

NETT NO har fleire gonger omtala det omfattande testregimet Vard har sett i sving, og i haust anslo konsernet at det kosta dei ein halv million kroner dagleg.
Alle tilsette som er i karantene må følgje strenge reglar, og dei blir følgt opp av eige helsepersonell. Mellom anna får dei som er i karantene, ikkje lov til å gå på butikk.
Om dei bryt med retningslinjene risikerer dei å misse oppdraget for Vard.
– Alle blir informert om at brot på Vard sine retningslinjer, eller dei nasjonale retningslinjene, kan få konsekvensar for arbeidsforholdet, seier Akselvoll.

Les også:





Sula-ordførar:


Alle blir informert om at brot på Vard sine retningslinjer, eller dei nasjonale retningslinjene, kan få konsekvensar for arbeidsforholdet

Publisert: 12.01.2021 10:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:11