Vard verft maa fylle hol til hausten
TOMREFJORD: Vard-verftet i Tomrefjord har arbeid til 2024 med eit cruiseskip og tre kystvaktskip, men til hausten er det tomt med arbeid for ei periode. 
Nytt

Vard-verft må fylle hol til hausten

Skuffa over at regjeringa ikkje framskundar fleire planlagde prosjekt. No ligg det an til permitteringar før nye skrog kjem til verftet.

Marius Rosbach
01.06.2020

Tomrefjord-verftet til Vard har eigentleg ei solid ordrebok med eit cruiseprosjekt på nyåret og tre kystvaktskip dei komande åra. Men til hausten har dei eit holrom verftsdirektør Ronny Langset gjerne skulle fylt med arbeid.

– Frå tidleg neste år har vi kontinuerleg prosjekt fram til 2024, men til hausten er det heilt tomt ei periode, seier verftsdirektøren til NETT NO.

Truleg permitteringar

Langset hadde håp om at det kunne kome noko i krisepakka regjeringa la fram før helga.


– Vi hadde håpt at dei kunne framskunda meir av det planlagde vedlikehaldet på kystvakta sine fartøy og fregattane. Vi veit at det kan ta litt tid før slike oppdrag kan gjennomførast, men om det hadde blitt lagt til rette for det gjennom planlegging, så kunne det ha hjelpt fleire enn Vard Langsten, fortel han.

Krisepakka som er føreslått frå regjeringa inneheld mellom anna forsering av vedlikehald for korvettane til kystvakta og eit nytt forskingsfartøy for Havforskingsinstituttet. Verftsdirektøren i Tomrefjord trur ikkje tiltaka vil gi nok auka aktivitet.

På Langsten ligg det an til at arbeidarane blir permittert. Delar av arbeidstokken kan også bli omplassert til Vard Søviknes eller Vard Brattvåg, men også det har ein kostnad, påpeiker Langset.

Cruiseskip nummer 3

No ligg det første ekspedisjonscruisefartøyet som Vard bygde til tyske Hapag-Lloyd Cruises, inne til garanti- og vedlikehaldsarbeid. haust.

Det neste skroget som kjem til verftet, er cruiseskip nummer tre til same reiarlag. Det kjem truleg rett over nyttår.

Skipa er designa av Vard-avdelinga i Ålesund og har ein meir klassisk utforming, enn dei meir moderne Ponant-skipa, som verftskonsernet har bygd fleire av ved Søviknes-verftet.

Har starta på kystvaktskipa

Langsten-verftet har også sikra seg arbeid for fleire år framover med ei . Stålarbeidet er i gong ved Tulcea-verftet til Vard i Romania.


– Vi hadde brennestart 30. mars og det går etter planen. Det første skroget kjem truleg til verftet før sommaren til neste år. Då har vi ei lengre periode med utrusting her på verftet, seier han.

Det første skipet i den nye Jan Mayen-klassen er planlagt levert i første halvdel av 2022, og deretter skal eitt skip står ferdig i 2023 og det siste i 2024.

Håpar framleis å få dekt kostnadar

Då næringsministeren kom til verftet i førre veke var Vard-sjef Erik Haakonsholm tydeleg på at han ikkje hadde tenkt til å gi opp kampen for å få dekka utgifter i samband med smitteverntiltak.

– Det var skuffande, ikkje minst fordi vi har sett at andre næringar får dekke slike kostnader, seier verftsdirektør Langset.

I tillegg til at det kostar å ha arbeidarar i karantene, kjem det kostnadar som følgje av stillstand på delar av prosjekt der ein i periodar har mangla folk. Ved for å takle arbeidspresset med det siste store cruiseskipet til Ponant – utan at det blir for mange arbeidarar inne på verftet samtidig.

Frå tidleg neste år har vi kontinuerleg prosjekt fram til 2024, men til hausten er det heilt tomt ei periode

Publisert: 01.06.2020 05:55

Sist oppdatert: 18.04.2021 23:08