Vard skal bygge ny traalar
NY TRÅLAR: I februar annonserte Vard at dei skulle bygge nok ein trålar for norske Nergårdkonsernet, tilsvarande den på bilde. No melder fleire medier på Færøyane at verftet er sikra meir arbeid for Framherji på Færøyane. 
Nytt

– Vard skal bygge ny trålar

Brattvåg-verftet skal vere sikra meir arbeid med eit fiskefartøy til færøysk selskap. 

Marius Rosbach
30.03.2020
Fleire færøyske aviser melder at Vard Brattvaag har fått meir å gjere. Verftskonsernet skal ha fått eit nytt oppdrag med å bygge ein trålar for selskapet Framherji på Færøyane.
Kontrakten skal ha ein verdi på 500 millionar norske kroner og det nye fartøyet skal erstatte trålaren ved namn Akraberg.
Fartøyet skal vere 84 meter lang og 17 meter brei. Skroget vil bli bygd i Romania før fartøyet skal bli utrusta ved Brattvåg-verftet.
Verken kommunikasjonssjef Hege Anita Akselvoll i Vard eller Erik Haakonsholm som leiar Vard sin satsing på offshore og spesialfartøy, har svart på NETT NO sine førespurnader om saka måndag.

Les også:


Publisert: 30.03.2020 16:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55