Vard og Viking tar over Island Offshore skip
KRISTIANSAND: Trond Myklebust og Viking Supply Ships tar over managementet på Island Offshore-skipet Island Defender.
Nytt

Vard og Viking tar over Island Offshore-skip

Båten var bestilt av Island Offshore, men vert no eigd av eit Vard-selskap og driven av Viking Supply Ships.

09.09.2019
Kristiansand-baserte Viking Supply Ships tar over managementet på offshoreskipet Island Defender som Island Offshore har bestilt hos Vard. Dette opplyser Petrodaily European Marine.
Båten av UT717-design var bestilt frå Vard Brevik, men ligg no ved Vard Brattvaag, der det vert ferdiggjort. Planen er at skipet skal ut i spotmarknaden i Nordsjøen i løpet av september.

Vard-eigd

Til NETT NO seier adm. dir. Trond Myklebust i Viking Supply Ships at han ikkje kan kommentere denne saka enno.
Ifølgje Norsk Skipsfartsforum skal båtnamnet endrast til Defender, og at båten skal eigast av Vard-selskapet Shipyard Group Vard.
Forumet opplyser at skipet kom til Vard Brattvaag 28. mai etter å ha vorte slept frå Brevik.
Det har ikkje lukkast å få kommentar frå Vard.

Skulle seljast

Båten vart opphaveleg bestilt av Island Offshore i 2014, men selskapet fekk store økonomiske problem i offshorenedturen.
at tre skip under bygging hos Vard skulle seljast i samband med refinansieringa av selskapet.
Eitt av desse skipa var Island Defender.

Publisert: 09.09.2019 09:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:39