Vard byggjer for Nergaard
KONTRAHERER: Styreleiar Tommy Torvanger i Nergård-konsernet hadde alt i fjor planar om eit nybygg. No har han bestemt seg.
Nytt

Vard byggjer for Nergård

Kontrakt på 400 millionar kroner.

24.05.2018
Trålaren blir 80 meter lang, 17 meter brei og utstyrt med tankar for lagring av levande fisk. Skipet er også teikna av Vard, og er ei vidareutvikling av tidlegare trålar-design.
Skipet blir utstyrt med batteri som skal brukast i kombinasjon med dieselmaskiner.
Skroget blir bygd hos Vard Braila i Romania og skipet blir utrusta hos Vard Brattvåg, med levering i første kvartal 2020. Trålaren er den første kontrakten Vard har inngått med Nergård Havfiske.

Planlagt lenge

Nergård-sjef Tommy Torvanger har lenge hatt planar om eit nybygg liggande. I fjor vår sa han til NETT NO at han ville sjå utfallet at arbeidet til fiskeriminister Per Sandberg før han bestemte seg for kva slags båt det skulle bli.
Det Torvanger venta på var ei avklaring om endringar i regelverket kvar ei mindre gruppe fiskefarty - mellom dei Nergård og Lerøyeigde Havfisk sine - skal levere fangsten.

Avklaringa er enno ikkje komen frå Sandberg, men Torvanger har i alle fall bestemt seg.

Andre trålar

Nergård-kontrakten er den andre trålarkontrakten Vard inngår med eit norsk reiarlag i år.
I april offentleggjorde Vard ein kontrakt med Havfisk om å byggje ein liknande trålar, i same prisklasse.

Publisert: 24.05.2018 08:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22