Vard angrepet Akuttfasen er over
SKADEAVGRENSING: Datanagrepet på Vard blei oppdaga i starten av juni. No meiner politet at angrepet ikkje lenger gjer ytterlegare skade. Biletet er frå Vard Langsten i Tomrefjord, som også blei råka av angrepet.
Nytt

Vard-angrepet: - Akuttfasen er over

Politiet meiner etterforsking og tiltak har stoppa dataangrepet på Vard frå å gjere ytterlegare skade.

30.06.2020
- Akuttfasen er over seier, Kjell Arne Hestad i politiet om dataangrepet på Vard.
Hestad er leiar for felles eining for etterforsking, etterretning og forebygging i Møre og Romsdal Politidistrikt, som har ansvaret for etterforskinga av dataangrepet på Vard.
Dataangrepet blei oppdaga natt til 1. juni.

Kontroll

No meiner politiet at dataangrepet ikkje gjer ytterlegare skade enn det allereie har gjort.
- Etterforskingskritt og forebyggande tiltak gjer at både politi og firmaet har kontroll på situasjonen, seier Hestad.

Ingen kommentar om løysepengar

Då Norsk Hydro blei utsett for eit stort dataangrep i fjor kom det krav om betaling frå dei som sto bak angrepet, eit krav Norsk Hydro ikkje betalte.

Hestad vil ikkje kommentere om det har kome noko krav om betaling i samband med angrepet på Vard.
Han vil heller ikkje kommentere om politiet kjenner til kven som sto bak angrepet.
Vard har så langt ikkje ville sagt noko som helst om dataangrepet.

Publisert: 30.06.2020 10:43

Sist oppdatert: 04.01.2022 16:50

Mer om