Vanskeleg start for unge krabbefiskarar
KRABBE: Tolvåringane Konrad Stenersen og Gard Leinebø satsa på å tene pengar på krabbesal, men den første som ringde krabbetelefonen var ein tilsett i Fiskeridirektoratet, som sa at det gutane dreiv med var ulovleg.
Nytt

Vanskeleg start for unge krabbefiskarar

Tolvåringane hadde laga sin eigen krabbetelefon, og håpa på sal då den første ringde inn. Det viste seg å vere ein tilsett i Fiskeridirektoratet.

01.07.2016
- Eg spurde dama om ho ville kjøpe krabbe, men det ville ho ikkje. I staden sa ho at det vi dreiv på med var ulovleg, seier Gard Leinebø frå Remøya.
Tolvåringen ville ha noko nyttig å gjere på i skuleferien og starta selskapet K og G Krabbefiske saman med kompisen og jamaldringen Konrad Stenersen frå Berge.
- Vi starta med ti teiner. Vi har fått hjelp med å skaffe oss båt med krabbehalar om bord. Utan krabbehalar var det litt tungt å hale opp teinene, seier Konrad.

Webside

Torje Thorsen Torvik, også han ein kompis på tolv år, laga webside for nysatsinga.
- Torje har god peiling på data og laga ei heimeside for å hjelpe oss å selje krabben.
- Sida vart kjempetøff, seier Gard og Konrad.

Firmamiddag

Dei seier at første målet med krabbesalet var å skaffe nokre fleire teiner og betale for bensinen.
- Kanskje vi etter kvart også kunna fått oss større båt og ha teinene lenger frå land, seier dei.
Det starta også bra med satsinga. Til familie og nære venner ble krabbeklør kokte og selde til 100 kroner kiloen. Etter første veka med jobb kunne dei unge krabbefiskarane unne seg ein firmamiddag med hamburger på Elmirs i Fosnavåg.
Men så starta problema.
- To dagar etter at vi la ut heimesida ringde Fiskerdirektoratet og ville vite kva vi styrte med. Dei hadde oppdaga sida på nettet, seier Gard.

Ikkje gamle nok

Han fekk seg ein alvorleg stuss, og tok kontakt med faren Arnstein Leinebø.
- Pappa ringde salslaget, men der sa dei at det ikkje var sikkert vi kunne få løyve til å fiske og selje for vi er ikkje gamle nok til å få frikort men dei skulle vurdere søknaden.
- Å få løyve i foreldra våre sitt namn kunne vi heller ikkje få då løyva må stå på den som fiska.
- Vi kunne heller ikkje levere krabben med båt, det var heller ikkje lov, seier Leinebø.
- Kvantum måtte innrapporterast til laget kvar dag før sal.

Stoppa salet

Han og bedriftskollegaen har kome i ein vanskeleg situasjon. No har dei sletta både heimesida og stoppa krabbesalet i påvente av å sjå om dei likevel kan få løyve på ein eller annen måte.
- Vi kan ikkje risikere å verte bura inne. I alle fall ikkje no i sommarferien, seier karane.
Dei håpar i det lengste at det vil ordne seg, slik at dei kan drive vidare.
- Kanskje vi må finne på noko anna å styre med, men det er kjekt å halde på, finne nye krabbeplassar, fiske agn og få det til.
Om dette ikkje går, ser dei fram til at dei vert tretten år og kan få frikort.
- Det er ikkje før neste år vi vert tretten, men det hadde vore fint å få fiska krabbe alt i haust. Det er trass alt då det er best sesong, og vi veit kvar vi skal setje teinene.

- God tilnærming til arbeidslivet

Arnstein Leinebø, far til Gard Leinebø, rosar gutane for både oppfinnsomheit og arbeidslyst.
Han har sjølv vore fiskar og fiskebåtreiar, og meiner krabbefiske for born og ungdom er ein god måte å tilnærme seg arbeidslivet på og ein aktivitet som har foregått langs kysten gjennom generasjonar.
- Regelverket må ikkje verte så komplisert at det vert for vanskeleg for desse unge som har lyst til å arbeide og skape.
- Eg skal hjelpe dei å søke no, så får vi forhåpenlegvis alt på plass til hausten, seier han.

Les kommentaren frå direktoratet .


Fekk løyve:

Etter at NETT.NO skreiv om saka 1. juli har Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag gitt gutane frikort og løyvet dei treng. No er dei i gang med krabbefisket – og innrapporteringa som følgjer med.
Vi kan ikkje risikere å verte bura inne. I alle fall ikkje no i sommarferien

Publisert: 01.07.2016 05:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:58