Vanskeleg liv for botndyra i Barentshavet
GLUPSK: Snøkrabben i Barenshavet forsyner seg godt av dyra som lever på havbotnen. 
Nytt

Vanskeleg liv for botndyra i Barentshavet

Varmare hav, endra fiskemønster og snøkrabbeinvasjon.

21.01.2019
NPK: Dette fører til auka press på dyra som lever på botn av Barentshavet.
I ein artikkel i det vitskapelege tidsskriftet Marine Ecology Progress Series (MEPS) fortel om desse tre viktige endringane på botnen av Barentshavet.
– For arktiske artar som ønskjer stabile temperaturar, er temperaturauken ubehageleg. Artar som er botnfaste kan ikkje symje unna vatn som er for varmt. Derfor flyttar dei seg gradvis mot nordaust der det er kjøligare, og det har vore registrert at nokre artar har flytta seg med inntil 70 kilometer per tiår, fortel havforskar Lis L. Jørgensen.

Spreidd seg fort

I 1996 vart det observert snøkrabbe i Barentshavet for første gong og arten har sidan breidd om seg.
– Snøkrabben beitar hardt på ulike botndyr som børstemark, reker, krabber, små krepsdyr, muslingar, slangestjerner, sniglar og kråkebollar, og den samla delen av botndyr på havbotnen har gått ned i område med mykje snøkrabbe, seier Jørgensen.
Torsken har flytta seg nordover i takt med klimaoppvarminga, spesielt nord og aust for Svalbard. Dette er område der det er mykje høgreiste botndyr som har lange «greiner» eller «fangarmar» for å samle opp næring som kjem med havstraumane. Slike artar blir lett tatt som bifangst med trål.
– I dag vert det tråla i område som har stått urørt i minst 10 år, eller som har vore urørte fram til no. Dette går ut over desse store, lengelevande botndyrartar, og det kan ta fleire tiår før eit slikt gammalt botndyrsamfunn veks til igjen, forklarer Jørgensen på nettsida til Havforskingsinstituttet.

Publisert: 21.01.2019 10:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30