Vann pris med Marine Voice
Fiskeriminister Harald Tom Nesvik saman med prisvinnarane Endre Nordstrand, Trine Hamre, Fredrik Kvist og Ingvild Kindlihagen. 
Nytt

Vann pris med Marine Voice

Gjennom bruk av taleregistrering meiner ei gruppe studentar at fiskeri- og havbruksnæringa kan spare store summar. Det vert det pris av.

19.09.2018
I samband med den store fiskeri- og havbrukskonferansen på Raudeberg, har 20 masterstudentar frå ulike høgskular og universitet vore i Vågsøy og Bremanger for å bli kjende med fiskeri- og havbruksnæringa.

Auka lønsemd

Som ein del av opplegget Sett Sjøbein har studentane gjennom ein to dagar lang bootcamp fått bryne seg på problemstillinga om korleis sjømatnæringa kan auke lønsemda gjennom bruk av ny teknologi/dsign.
Studentane har arbeidd i fem grupper, der alle fekk presentere dei ulike løysingane for dei 181 gjestane under konferansen.
Og det var fiskeriminister Harald Tom Nevsik som fekk æra av å overrekke prisen til gruppa som lanserte produktet Marine Voice.
- Eit strålande og framtidsretra produkt, sa Nesvik.
Studentane hr tatt utgangspunkt i at mange av prosessane i næringa er tunge, gamaldagse og arbeidskrevjande, og vil i staden bruke talegjenkjenning for å endre informasjonsflyten og kontrollen.

Oppdrett

Spesielt ser ein eit stort potensiale i oppdrettsnæringa, og tanken er etter kvart å lage ei heilintegrert løysing der ein på ei plattform kan få all relevant informasjon, frå vêrdata til produksjonstal.
- Gruppa har tatt tak i ei kjempeviktig og relevant problemstilling og kome med eit svært innovativt løysingsforslag, fastslår juryen.
- Løysinga har overførbar verdi i alle deler av havbruksnæringa, vert det fastslått.
Sett Sjøbein er eit nasjonalt samarbeidsprosjekt for å synleggjere mulegheiter i sjømatnæringa, innanfor havbruk, fiskeri og sjømatforedling – og alle ledd i disse næringane.
Sett Sjøbein vart etablert i 2008, og er finansiert av Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) og Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond (FHF).

Publisert: 19.09.2018 08:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26