Vann mot Aker og planlegg nye skip
KRILL: Opptur for Stig Remøy og Rimfrost.
Nytt

Vann mot Aker og planlegg nye skip

Amerikanske patentmyndigheiter slår fast at krill-patentar tilhøyrande Aker Biomarine er ugyldige. No planlegg Rimfrost nye skip.

04.12.2018
- Dette er ei gledeleg nyheit. Ingen rettslege prosessar i USA har gått Akers veg knytt til patentar, og det betyr at den usikkerheita Aker Biomarine har forsøkt å skape omkring Rimfrost sine produkt og leveranseevne no er ettertrykkeleg tilbakevist, seier hovedeigar Stig Remøy i Rimfrost, i ei pressemelding.
Rimfrost opplyser at kjennelsen i det amerikanske Patent Trial and Appeal Board (PTAB) kjem etter behandlinga av ein klage frå Rimfrost AS.

- Formidabel vekst

Dersom Aker Biomarine ikkje ber om fornya høyring eller anke, vil kjennelsen bli rettskraftig og godkjenning av patentane trekte tilbake.
For Rimfrost, som har hovedkontor i Fosnavåg, har den amerikanske marknaden vore eitt av dei viktigaste.
- Frå 2017 har vi opplevd ein formidabel vekst i salet av våre krillprodukt. Kvaliteten på produkta er spesielt høg, og vi er leveransedyktig sjølv i ein marknad med sterkt stigande etterspørsel.
- For oss har det vore viktig å få sett eit punktum for sakene i USA, der vi heile tida har vore sikre på at utfallet ville bli det som no er PTABs konklusjon, seier Remøy.

Søker endå ein krillkonsesjon

Rimfrost planlegg bygging av nye skip til krillfangst, etter at Aker Biomarine overtok det tidlegare Rimfrost-skipet Juvel.
Selskapet har ein konsesjon for krillfiske i Antarktis, og er no i sluttforhandlingar for å kontrahere eit nyskapande krillfartøy.
I tillegg søker selskapet om ytterliegare ein konsesjon.
– Det vil vere stor etterspørsel av krillprodukt globalt til forbrukarar. I tillegg har krill også eit stort potensial i oppdrettsnæringa, seier Remøy.

Satsar på krill til oppdrett

Han opplyser at produkt frå Rimfrost sin teknologi gjer at oppdrettslaksen veks raskare og får betre helse.
- Den teknologien vi har og dei skipa vi planlegg vil revolusjonere heile kjeden frå krillfangst, via produksjon til ferdige produkt, seier Remøy i pressemeldinga.
For oss har det vore viktig å få sett eit punktum for sakene i USA

Publisert: 04.12.2018 20:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25