Vann anbod om ny hurtigbaat
VANN: Brødrene Aa og Oma Battbyggeri deltok i anbodet om å bygge kombibåten. 
Nytt

Vann anbod om ny hurtigbåt

Brødrene Aa sikra meir jobb.

Marius Rosbach
06.07.2020
Fylkesrådet i Troms og Finnmark fylkeskommune har vedteke at Brødrene Aa i Nordfjord skal bygge ein kombibåt til Måsøysambandet, opplyser Troms og Finnmark fylkeskommune på sine .

Kombibåt

Hurtigbåten, ein katamaran i karbonfiber på 37 meter og toppfart på 30 knop, skal leverast neste sommar. Som kombibåt vil den ha ein passasjerkapasitet på 73 personar, og i tillegg ha eit bildekk med plass til åtte bilar, pluss lasterom, skriv Brødrene Aa på sin .
- Vi er naturlegvis glade for at Troms og Finnmark fylkeskommune har valt å tildele oss dette byggeoppdraget. Finnmarkskysten er eit av dei tøffaste områda langs kysten og våre karbonfiberfartøy har demonstrert at dei taklar slike forhold godt. Våre to leveransar til Nordland fylkeskommune i fjor, Elsa Laula Renberg og Regine Normann, har vore viktige referansar i dette anbodet, skriv verftet.
Oma Baatbyggeri var det andre verftet som deltok i anbodskonkurransen. Etter klagefristen for tildelinga er gått ut, vil partane signere kontrakt på byggeoppdraget.

Leverte elbåt til turistrute

I mai leverte verftet i Hyen den eldrivne hurtigbåten Rygerelektra til Rødne Fjord Cruise.
Den 42 meter lange katamaranen har base i Stavanger og nyttast til sightseiingturar. Båten har plass til 297 passasjerar, og ei rekkevidde på meir enn 50 nautiske mil med ei snittfart på 17 knop.

Les også:


Tor Øyvin Aa:


Finnmarkskysten er eit av dei tøffaste områda langs kysten og våre karbonfiberfartøy har demonstrert at dei taklar slike forhold godt

Publisert: 06.07.2020 20:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59