Valldal Fjordhotell utvidar
FULLT HUS: Hotellsjef Yngve Strand i Valldal Fjordhotell har fullt hus i sommar. No blir det utviding.
Nytt

Valldal Fjordhotell utvidar

Etter å ha lagt bak seg første heile driftsår er Valldal Fjordhotell i gang med å utvide.

17.07.2018
- Det var ingen som hadde sett føre seg at det skulle gå så fort, seier hotellsjef Yngve Strand på Valldal Fjordhotell om utvidinga.
Utvidinga av restaurantområdet med 60-70 nye sitteplassar er alt i gang. Straks turistsesongen er omme startar bygginga av 24 nye rom, i tillegg til dei 40 hotellet har i dag.
Poenget med utviding er både å auke kapasiteten i turistsesongen og få ein storleik som gjer det lettare å vinne innpass i kurs- og konferansemarknaden resten av året.

Turistvekst

I år ligg hotellet an til driftsinntekter på line med 2017 i følgje Strand.
Grunnen til at han ikkje ventar større vekst er at det var færre gjester i vinter enn i fjor vinter. Vintergjestane er knytt til rehabilteringssenteret Muritunet, som leiger rundt halve kapasiteten utanom turistsesongen, og til arbeidsfolk på oppdrag i Valldalområdet. Den siste gruppa var det færre av denne vinteren enn vinteren 2017.
Turistveksten i år dekkjer minst tapet i turistsesongen.
- Vi har sprengt kapasitet på sommaren, seier Strand.
Med dagens kapasitet tek hotellet berre mot individuelle reisande.

Berg og Kloster

Valldal Fjordhotell eit eitt av 15 hotell i hotellkjeda Classic Norway Hotels, som Erik Berg og hans familie i Molde (75 prosent) og Knut Utstein Kloster står bak.
Bygget i Valldal er eigd av Erik Berg, gjennom selskapet Valldal Fjordhotell.
Valldal Fjordhotell opna døren i 2016. Det aller siste tilskotet til kjeda er Gloppen Hotell, som blei kjøpt tidlegare i år.

Publisert: 17.07.2018 13:26

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:24