Valet fall på Tersan skipsverft utanfor Istanbul då Paul Harald Leinebø frå Herøy og medreiar Åge Uran frå Averøya skulle bygge sin nye superbåt.
- Ja, valet av verft har eg ikkje angra på, seier Leinebø.
- Det ser bra ut så langt, seier Uran.
Leinebø vil ikkje ut med pris på den 58 meter lange og 13,4 meter breie kombinerte garn- og linebåten, som vert fullt utrusta ved Tersan.
- Nei, dette vil eg ikkje kommentere. Det eg kan seie er at vi sparar rundt 25-30 prosent av prisen ved å byggje i Tyrkia i forhold til Norge, truleg nærast 25 prosent, seier Leinebø.
Andre norske fiskebåtreiarar har tidlegare opplyst at dei har spart frå 30 til 100 millionar kroner på å byggje i Tyrkia.
- Eg trur på kvalitetsfisk og eg trur på framtida for norsk fiskerinæring. I tillegg er det viktig å ha nye fartøy med det beste og mest moderne utstyret. Det er slik vi også får rekruttert dei beste fiskarane, seier Leinebø.
Medan dei største norske autolinebåtane i dag har ein frysekapasitet på rundt 30 tonn i døgnet, vil nye Leinebris meir enn doble kapasiteten. I ein vertikal frysar vil ein kunne produsere 50 tonn sløygd og kappa fisk i døgnet, og ytterlegare 18 tonn i ein horisontal frysar.
- Vi ønskjer å kunne fiske mykje på kort tid. Det kan vi med nyebåten, seier Leinebø.
Nybygget får ein total lagerkapasitet på 500 tonn, vert utrusta med ein nyutvikla dragebrønn og vil på toppen få ein «sky lounge» med 360 graders utsikt.
- I tillegg til at dette vert eit fint opphaldsrom for mannskapet, ser vi også for oss at båten i stillare perioder kan nyttast til fisketurisme. Då er ein «sky lounge» fin å ha, seier Leinebø.
- Vi satsar på det beste og mest moderne innan utstyr. Dette skal vere ein grøn fiskebåt.
- Vi er mellom anna dei første som har satsa på syrefast og rustfritt stål på arbeidsdekk. Dette kostar, men vil spare oss for mykje vedlikehaldsarbeid, seier Leinebø.
Leinebø seier at det faktum at Skipsteknisk var godt etablert i Tyrkia var avgjerande for at reiarane satsa på å byggje båten på Tersan.
- Verftet hadde bygt linebåten Frøyanes frå før. I tillegg hadde Skipsteknisk hatt ein serie med trålarar bygde her, slike som Havbryn, Havstrand, Volstad, Andenesfisk og Atlantic Viking.
- Tilbakemeldingane var så gode at vi valde å kople oss på denne byggjebølgja til Skipsteknisk på Tersan-verftet, seier Leinebø.
Medan reiarkollega Åge Uran frå Averøya følgjer opp byggjeprosjektet på Tersan så å seie dagleg, er Leinebø på plass rundt ein gong i månaden.
Dei har eiga arbeidsbrakke på verftet, og har skaffa seg leilegheit i Yalova by.
- Der er alltid litt å diskutere, men hittil har utfordringane vorte løyste på ein god måte.
Han fryktar likevel at båten kan verte litt forseinka, kanskje rundt ein månad.
- Eg håpar ikkje dette skjer, for med dagens fiskeprisar hadde det vore godt å kome seg fort i fiske.
Også Leinebø er godt nøgd med arbeidet så langt.
- Stålarbeidet er perfekt utført, rørarbeidet ser bra ut og logistikken ser ut til å fungere når det gjeld å få om bord utstyret. Det aller meste av dette er norsk.
- Her er dyktige arbeidarar og arbeidsleiarar, som det er lett å samarbeide med. Men det er også tydeleg at dei set pris på at vi er her, slik at vi kan takast med på råd undervegs.
- For oss frå Norge er det også litt spesielt å oppleve at det aldri vert snakka nedsetjande om konkurrentar og andre bedrifter. I alle fall har eg ikkje høyrt noko slikt hittil.
Nye Leinebris skal etter planen vere ferdig 15. juni. Då vert det stor dåpsfest på Tersan, før reiarane set kursen ut Middelhavet og mot Norge – ein tur som normalt vil ta ti til 14 dagar.
- Ja, valet av verft har eg ikkje angra på, seier Leinebø.
- Det ser bra ut så langt, seier Uran.
Leinebø vil ikkje ut med pris på den 58 meter lange og 13,4 meter breie kombinerte garn- og linebåten, som vert fullt utrusta ved Tersan.
- Nei, dette vil eg ikkje kommentere. Det eg kan seie er at vi sparar rundt 25-30 prosent av prisen ved å byggje i Tyrkia i forhold til Norge, truleg nærast 25 prosent, seier Leinebø.
Andre norske fiskebåtreiarar har tidlegare opplyst at dei har spart frå 30 til 100 millionar kroner på å byggje i Tyrkia.
Slo saman kvotene
Nybygget er eit resultat av at Herøy-reiarlaget Leinebris slo saman kvotene med Averøy-reiarlaget Urvaag. Saman byggjer dei to reiarlaga det som truleg er norges mest moderne kombinasjonsfartøy.- Eg trur på kvalitetsfisk og eg trur på framtida for norsk fiskerinæring. I tillegg er det viktig å ha nye fartøy med det beste og mest moderne utstyret. Det er slik vi også får rekruttert dei beste fiskarane, seier Leinebø.
Medan dei største norske autolinebåtane i dag har ein frysekapasitet på rundt 30 tonn i døgnet, vil nye Leinebris meir enn doble kapasiteten. I ein vertikal frysar vil ein kunne produsere 50 tonn sløygd og kappa fisk i døgnet, og ytterlegare 18 tonn i ein horisontal frysar.
Bygt for fisketurisme
Fisken skal vere ferdig pakka og på plass i fryseromet innan maksimalt fire timar etter at han er komen om bord.- Vi ønskjer å kunne fiske mykje på kort tid. Det kan vi med nyebåten, seier Leinebø.
Nybygget får ein total lagerkapasitet på 500 tonn, vert utrusta med ein nyutvikla dragebrønn og vil på toppen få ein «sky lounge» med 360 graders utsikt.
- I tillegg til at dette vert eit fint opphaldsrom for mannskapet, ser vi også for oss at båten i stillare perioder kan nyttast til fisketurisme. Då er ein «sky lounge» fin å ha, seier Leinebø.
Grøn fiskebåt
Det supermoderne fiskefartøyet vert utstyrt med dieselelektrisk framdriftssystem beståande av ein nedsenkbar azimuth thruster framme og ein frekvensstyret framdriftsmotor tilknytta gir/hoved-propell i hekken.- Vi satsar på det beste og mest moderne innan utstyr. Dette skal vere ein grøn fiskebåt.
- Vi er mellom anna dei første som har satsa på syrefast og rustfritt stål på arbeidsdekk. Dette kostar, men vil spare oss for mykje vedlikehaldsarbeid, seier Leinebø.
Viktig med Skipsteknisk
Nye Leinebris er utvikla av designselskapet Skipsteknisk i nært samarbeid med reiarane.Leinebø seier at det faktum at Skipsteknisk var godt etablert i Tyrkia var avgjerande for at reiarane satsa på å byggje båten på Tersan.
- Verftet hadde bygt linebåten Frøyanes frå før. I tillegg hadde Skipsteknisk hatt ein serie med trålarar bygde her, slike som Havbryn, Havstrand, Volstad, Andenesfisk og Atlantic Viking.
- Tilbakemeldingane var så gode at vi valde å kople oss på denne byggjebølgja til Skipsteknisk på Tersan-verftet, seier Leinebø.
Medan reiarkollega Åge Uran frå Averøya følgjer opp byggjeprosjektet på Tersan så å seie dagleg, er Leinebø på plass rundt ein gong i månaden.
Dei har eiga arbeidsbrakke på verftet, og har skaffa seg leilegheit i Yalova by.
Fryktar forseinking
Også Uran er fornøgd med arbeidet så langt.- Der er alltid litt å diskutere, men hittil har utfordringane vorte løyste på ein god måte.
Han fryktar likevel at båten kan verte litt forseinka, kanskje rundt ein månad.
- Eg håpar ikkje dette skjer, for med dagens fiskeprisar hadde det vore godt å kome seg fort i fiske.
Også Leinebø er godt nøgd med arbeidet så langt.
- Stålarbeidet er perfekt utført, rørarbeidet ser bra ut og logistikken ser ut til å fungere når det gjeld å få om bord utstyret. Det aller meste av dette er norsk.
Lite kritikk om andre
Han rosar også dei tilsette.- Her er dyktige arbeidarar og arbeidsleiarar, som det er lett å samarbeide med. Men det er også tydeleg at dei set pris på at vi er her, slik at vi kan takast med på råd undervegs.
- For oss frå Norge er det også litt spesielt å oppleve at det aldri vert snakka nedsetjande om konkurrentar og andre bedrifter. I alle fall har eg ikkje høyrt noko slikt hittil.
Nye Leinebris skal etter planen vere ferdig 15. juni. Då vert det stor dåpsfest på Tersan, før reiarane set kursen ut Middelhavet og mot Norge – ein tur som normalt vil ta ti til 14 dagar.
For oss frå Norge er det også litt spesielt å oppleve at det aldri vert snakka nedsetjande om konkurrentar og andre bedrifter
Publisert: 26.11.2014 06:10
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:39






