Vad med produksjon i Stordal
NYE VARIANTAR: Kvilestolen Contura er attende hos Vad, som har lagt monteringa til Stordal medan øvrig møbelproduksjon foregår i Baltikum. Områdesjef Helge Knotten viste fram stolen under Designers Saturday i Oslo. Fleire nye variantar av stolen vil bli lansert gjennom 2018.
Nytt

Vad med produksjon i Stordal

Kvilestolen Contura gir ny produksjon i fabrikken i Stordal.

12.09.2017
Møbelprodusenten Vad flytta heile produksjonen fra Stordal til Baltikum i 2013. Berre administrasjon og utvikling blei att. Men med kvilestolen Contura i kolleksjonen blir det ny produksjon i fabrikken.
I første omgang er ein person tilsett for å montere kvilestolen, men administrande direktør Håkon Vad seier målet er at stolen i løpet av eit par år skal stå for ein betydeleg andel av omsetninga til selskapet. Og produksjonen av Contura er plassert i Stordal for å bli, i følgje Vad.
- Monteringa i Stordal er basert på at det skal bli ein kommersiell suksess, seier Vad i ein epost til NETT NO.

Har erfaring

Vad laga stolen før selskapet flytta produksjonen sin til Baltikum, før Hjellegjerde-selskapet tok over retten til å produsere den.
No er stolen attende hos Vad, men overgangen er så fersk at alle underleverandørane til stolen ikkje er på plass enno.
Håkon Vad seier selskapet i første omgang vil byggje på kontaktnettet i eksportmarknaden frå sist selskapet produserte stolen.

Lansert for publikum

Vad viste fram stolen for eit norsk publikum under fagmessa "Designers Saturday" i Oslo i helga, mellom ein modell med innebygd motor for å skifta mellom ligge og sittestillling.
Stolen er designa av Svein Asbjørnsen i Sapdesign i Sykkylven, og har blitt produsert hos ulike bedrifter.
Håkon Vad seier selskapet skal lanserer fleire varianter av stolen i løpet av 2018.

Rekordresultat

Åra før og rett etter flyttinga til Baltikum var tøffe for Vad.

Men etter flyttinga har det gått oppover, og 2016 blei eit rekordår.

Vad er i hovudsak retta mot kontraktsmøbelmarknaden, og produserer på bestilling til private og offentlege bedrifter og institusjonar i små seriar. Det vil og vere målgruppa for Contura-stolen, men den blir og ein del av satsinga på vinne innpass i privatkundemarknaden.

Publisert: 12.09.2017 10:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:13