Utvidar automasjons utdanning
ETTERTRAKTA: Automasjonselevane Håvard Tynes (t.v.) og Bjarne Vedvik ved Sykkylven Vidaregåande skule har fått fleire robotar å øve seg på, mellom anna fordi Ekorneskonsernet har gitt skulen to nye robotar. Samarbeidet inneber også at skulen kursar Ekornestilsette. Så langt har 205 Ekornestilsette hatt kurs på skulen.
Nytt

Utvidar automasjons-utdanning

- Du er nesten garantert jobb viss du får eit fagbrev seier automasjonselev Bjarne Vedvik ved Sykkylven vidaregåande skule. No får han og medelevane nye robotar å øve seg på.

07.06.2019
- Dei siste åra har alle som vil fått læreplass, seier faglærar Odd Krüger om elevane som utdanner seg i automasjon ved Sykkylven vidaregåande skule. Når dei er ferdig med utdanninga går dei inn i jobbar som mellom innber robootprogrammering.
Det er to grunnar til at det går bra; etterspørselen aukar og elevane har blitt flinkare.
- Dei er fagleg sterkare og det har mykje med utstyrsdelene å gjere. Vi har klart å gi dei utfordringar av den typen dei får i verklegheita, seier Krüger.
No er robotparken på skulen auka frå to til fem. Fleire robotar aukar kapasiteten i undervisninga. Før var det mykje venting for å sleppe til.

- Vi får fleire timar, seier automasjonselev Håvard Tynes.

Byttehandel med Ekornes

Sykkylven Vidaregåande skule og Ekornes-konsernet - ei av dei mest robotiserte bedriftene i Noreg - har hatt ein byttehandel gåande i fleire år. Skulen får topp moderne robotar frå Ekornes, og skulen gir Ekornestilsette kurs tilbake.
Fredag markerte skulen at den har fått to nye robotar frå Ekornes, i tillegg til den eine frå Ekornes som sto der frå før. I tillegg har skulen sjølv kjøpt inn ein ny robot slik at elevane no har fem robotar å øve seg på.
Skulen er i ei særstilling takke vere samarbeidet med næringslivet og ein rektor med vilje til å prioritere utstyr, meiner faglærar Krüger.
- Dette er ikkje standard. Mange har ein robot og mange har ingen, seier han.

Utvidar tilbodet

Til hausten auka skulen opptaket av elevar til automasjonsutdanning frå sju til 12.
I skuleåret 2020/2021 er målet å tilby ei ny utdanning, i robotikk. Det er ei treårig utdanning, som gir generell studiekompetanse, men som er spesielt retta mot folk som vil studere vidare, mellom anna for å bli dataprogrammerarar.
Den nye utdanning kan og kombinerast med eit ekstra læreår, slik at elevane får fagbrev.

Publisert: 07.06.2019 13:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35