Nett.no Logo
Mega menyMega meny

BLI ABONNENT PÅ NETT NO

Hold deg oppdatert på alt som rører seg i næringslivet på Nordvestlandet!

Med abonnement hos oss får du tilgong til NETT NO på alle digitale plattformer. 

Eit månadsabonnement mot betalingskort kostar kr. 129,- 
Eit årsabonnement mot faktura kostar kr. 1.399,- 

Kontakt Magnus på tlf 95247209 / magnus@nett.no for eit godt tilbud på fleire abonnement til di bedrift. 

129,- pr. mnd.
Nytt NETT NO-magasin er ute

GRATIS: NETT NO-magasinet er gratis og får du ikkje tak i papirutgåva kan du lese heile magasinet på nett. Lenke til magasinet finn du i denne artikkelen.

Nytt NETT NO-magasin er ute

NETT NO-magasinet tek pulsen på næringslivet på Nordvestlandet og ser i årets magasin spesielt på regionen som eit senter for mat og drikke.

Årets NETT NO-magasinet er det sjuande i rekka der vi tek pulsen på næringslivet i dei 23 kommunane på Nordvestlandet.  

Klikk her for å lese 2019-magasinet på nett

Det er fort gjort å verte uroleg for konsekvensane av dei store underskota i bedriftslokomotiv som Vard Group, Kleven Verft, Ulstein Verft og mange av offshoreselskapa. Men trass i at fleire av dei største slit, er realiteten at det finst ein stor underskog av bedrifter som gjer det godt. 

Fleire av desse løftar vi fram i magasinet, der vi har ekstra fokus på den enorme matproduksjonen i regionen. 

Berre ta pizzaproduksjonen på Stranda. Her vert det produsert 114 pizzaer i minuttet og årleg går det med smått fantastiske 450 tonn med paprika. 

For ikkje å snakke om all fisken som lineflåten til Ervik-reiarlaget og andre fiskarar i nordvest bidreg med. 

Om du et fish & chips i England, kan du vere nokså trygg på at hysa eller torsken er fiska av ein båt frå Sunnmøre eller Nordfjord. 

Et du bacalao i Portugal, er det 80 prosent sjanse for at klippfisken kjem frå Ellingsøya eller Ålesund. 

Og grillar du deg ein hamburger om sommaren, er sjansane store for at kjøtet kjem frå Nordfjord Kjøt i Loen. 

Matfylket
Møre og Romsdal marknadsfører seg no som matfylket, og med god grunn. I fjor vart det eksportert varer ut av fylket for 40,5 milliardar kroner, der 19,8 milliardar var fisk, og ikkje minst laks slakta ved Mowi sitt lakseslakteri på Eggesbønes. 

I år har eksporten stige kraftig, og det vert nok ein gong ny eksportrekord. 

Og i kjølvatnet av dei store aktørane, dukkar det opp ei lang rekkje lokalmatprodusentar. Berre i Møre og Romsdal har talet passert 150, og fleire er på veg. 

I magasinet besøker vi nokre av desse. 

NETT NO-magasinet er skrive med tanke på at det skal vere verd å ta vare på, som eit oppslagsverk om tilstanden i næringslivet på Nordvestlandet. Difor har vi også med ei rekkje statistikkar, i tillegg oversikt over dei 100 største bedriftene, og dei 50 som ventar på å kome inn på hovedlista. 

FOR SJUANDE GANG: Årets NETT NO-magasin er det sjuande i rekka som tek temperaturen på næringslivet på Nordvestlandet.

Her har du lenker til alle NETT NO-magsina sidan 2013, i kronologisk rekkefølgje:

Ambassadørane (2013)

Innovasjon (2014)

Oljefeber (2014)

Bodbringarane (2015)

Året som krevde nye perspektiv (2016)

Vendepunktet (2017)

Oppturen (2018)

Matfatet (2019)

Siste artikler

Har fått oppdrag i Midt-austen

Seismikkselskapet Axxis Geo Solutions hadde lave inntekter i tredje kvartal, men forventar stabil inntening frå eit nytt oppdrag i Midt-austen.

- Ein heilt fantastisk båt

Nye Geir er tre månader forseinka frå Polen, men reiar Kjetil Holmeset tar det ikkje så tungt.

Pris for bedriftsutvikling til Sunnmørsmat

Egg- og kjøtprodusenten på Haramsøya reiste seg etter dramatisk gardsbrann. Sidan har dei levert i pluss kvart år – og no er dei heidra med pris.

Havarikommisjonen: Var berre ei skipslengde frå å grunnstøyte

 Viking Sky  fekk 18 alarmar om lågt oljenivå før nestenforliset. 

Kjøper seg opp i Maritech

Investeringselskapet Broodstock Capital i Molde eig no 98 prosent i programvareselskapet Maritech System. Har investert for rundt ein halv milliard kroner i sjømatsektoren og skal investere omlag like mykje framover.

Vil gå vidare med grunnkjøp og arkeologi

Med fem millionar til Stad skipstunnel, kan arbeidet med arkeologiske utgravingar og grunnkjøp truleg starte.

NETT NO
Ansvarleg redaktør: Ogne Øyehaug
Ansvarleg redaktør: Kjetil Haanes
Dagleg leiar: Eirik Staurset

Utgivar:
Bakkar og Berg Media AS
Pb. 142
6099 Fosnavåg

Kontakt:
Redaksjon: redaksjon@nett.no / Tlf: 95 77 97 27
Annonse: annonse@nett.no / Tlf: 95 24 72 09
Abonnement: abonnement@nett.no / Tlf: 95 24 72 09
Tips: tips@nett.no

NETT NO arbeider etter Ver Varsam-plakaten sine normer for god presseskikk og Tekstreklameplakaten sine normer for skilje mellom redaksjonelt stoff og reklame/sponsing. Alt innhald på NETT NO er opphavsrettsleg verna. NETT NO har ikkje ansvar for innhaldet på eksterne nettsider som det blir lenka til.