Utval trur kreative kommunar vil lokke tilflyttarar
DISTRIKTSTILTAK: Victor Norman har leia det regjeringsoppnemnde demografiutvalet som fredag presenterte funna sine for distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland. 
Nytt

Utval trur kreative kommunar vil lokke tilflyttarar

Eit utval har det siste året sett på korleis ein skal få auka tilflytting til norske distriktskommunar. 

07.12.2020
NPK: – Det har vore utruleg spennande og gøy å fordjupe seg i norske distrikt. Eg har lært meir om distrikt det siste året enn i summen av dei 74 åra eg har levd før, seier Victor Norman til Nynorsk pressekontor (NPK).
Han har leia det regjeringsoppnemnde demografiutvalet som fredag presenterte funna sine for distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland.

Deprimerande spådommar

Norman viser til at konklusjonane dei har kome fram til i arbeidet jamt over er svært deprimerande
– Folketalet kjem ikkje til å søkke, men det er tragedie. Få flyttar frå distrikta, men heller ingen flyttar til. Difor vil hovudtyngda av befolkninga i norske distrikt i framtida bestå av det vi kan fint kan kalle eldre folk. Vi må gjere noko, sa Norman under presentasjonen.
– Kommunane må vere kreative og dyrke det særeigne ein har i sin kommune, sa han.

Får Grünerløkka til bygda

Norman er likevel optimistisk med tanke på framtida for distrikta.
– Ein av grunnane til at eg er optimist er viljen og skaparkrafta i kommunane. Slepper vi kommunane litt laus og gir dei verktøy å jobbe med, så trur eg mange kommunar kan utvikle seg til å bli så spennande at sjølv ungdom på Grünerløkka vil føle seg freista til å flytte meir ruralt, seier Norman til NPK.
Norman meiner norsk distriktspolitikk har fungert godt fram til no, men at vi er nøydde til å endre den for å hindre ei dyster framtid i distrikta.
– Vi kan ikkje berre snakke om arbeidsplassar. Dei fleste arbeidsplassane følgjer folk. Flyttar ein pensjonist til ein distriktskommune, så flyttar òg ei kjøpekraft. Pensjonisten krev ikkje jobb og har betydeleg kjøpekraft – både til kommunale tenester og til private tenester, seier han.
– Dei fleste nordmenn lever faktisk av å yte tenester til andre innbyggjarar der dei bur. Får ein litt unge folk til å flytte til bygda, samstundes som dei gamle har inntekter, så kjem jobbane. Det er ikkje mangel på jobbar som er problemet det er mangel på folk, legg han til.

Sertifikat til 16-åringar

Utvalet peikar og på ei rekke forslag til konkrete tiltak som kan gjere det meir attraktivt å busette seg i distrikta. Blant anna peika Norman på fleire grep på å betre infrastrukturen
– Distrikta kan ikkje fungere utan god lokal infrastruktur. Vi må bygge ut breiband overalt og vi må få betre vegar i distrikta. Distrikts-Noreg har for dårleg vegstandard, vegen mellom alle bruer og tunnelar og ferjer bør òg reknast som del av vegnettet. Det er ingen grunn til at ein skal måtte betale for å ta ei ferje med ledig kapasitet. Det må òg vere billig å fly i delar av landet der ein er avhengig av det, sa Norman under presentasjonen
Fleire av forslaga frå utvalet er òg retta meir konkret mot unge og mot småbarnsfamiliar
– Vi antydar at ein til dømes må få på plass gratis barnehage og SFO i distrikta og eit avgrensa førarkort for 16-åringar. Dette tenker vi er spennande idear å utforske, sa Norman.

Publisert: 07.12.2020 09:51

Sist oppdatert: 07.04.2021 21:20