Utsleppstopp i turistfjordane
NYE KRAV TIL TURISTTRAFIKKEN: Eit fleirtal i energi- og miljøkomiteen går inn for at det innan 2026 må bli slutt på utslepp frå cruisebåtar og annan skipstrafikk i viktige norske turistfjordar, som her i Geirangerfjorden. 
Nytt

Utsleppstopp i turistfjordane

Fleirtal for utsleppsfri trafikk i viktige turistfjordar frå 2026.

14.09.2018
NPK: Innan 2026 må det innførast nullutslepp for cruiseskip og annan skipstrafikk i verdsarvfjordane og andre turistfjordar, meiner eit fleirtal i energi- og miljøkomiteen.
Komiteen leverte torsdag innstillinga si til stortingsmeldinga om norsk klimapolitikk fram til 2030. Ei rekkje forslag frå opposisjonen blei avvist i innstillinga, men utsleppsfrie cruiseskip innan 2026 er eitt av krava det er fleirtal for, fortel NTB.
Det skal også vera fleirtal for at det bør etablerast ein strategi for landstraum og ladestraum i dei største hamnene og cruisehamnene i Noreg innan 2025.
KrF var med å sikra fleirtal for innstillinga, og semja om utsleppsfri skipstrafikk i verdsarvfjordane innan sju år er noko av det stortingsrepresentant Tore Storehaug frå Sogn og Fjordane trekkjer fram som spesielt gledeleg.
Fleire andre opposisjonspolitikarar har på si side meint at eit slikt krav burde gjennomførast innan fem år.

Publisert: 14.09.2018 10:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:21