Utslepp gjer at NHO vil kutte kraftig i cruisetrafikken
OLDEN: NHO vil ha kraftige cruisekutt. Her MSG Magnifica i Olden.
Nytt

Utslepp gjer at NHO vil kutte kraftig i cruisetrafikken

Cruiseturistar legg igjen minst pengar på land i Noreg og slepp ut mest CO2, kjem det fram i ein ny rapport.

13.11.2019
NPK-NTB: No vil NHO gjere kraftige cruise-kutt.
I rapporten som er utført av Stakeholder på vegner av NHO Reiseliv kjem det fram at cruiseturistar har eit forbruk på 650 kroner per døgn, og i gjennomsnitt har 4,1 dagars opphald i Noreg, skriv .
Sveitsarane kjem på topp i rapporten med åtte gram utslepp per forbrukte krone, noko som kjem av at dei i gjennomsnitt har eit opphald på 16,8 dagar og bruker 1.820 kroner i døgnet.

Verstingar frå Australia

Verstingane er cruiseturistar frå oversjøiske land som USA, Canada og Australia. Dette grunna flyreisa, der ein australiar nesten har 70 gonger høgare utslepp per brukte krone enn ein turist frå Sveits.
– Dette er dramatiske tal som viser at vi er nøydde til å avgrense cruisetrafikken både av omsyn til utsleppa og den overturismen som gjer folk lokalt forbanna, seier Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv til DN. Ho meiner dei mest forureinande skipa må lukast ut, og at talet på anløp må kuttast.

- Riktige gjester

Administrerande direktør Christian Lunde i VisitOslo meiner rapporten viser korleis reiselivet kan påverke utsleppa i landet.
– Det vil framover handle mindre om å få fleire gjester, men om å få dei riktige, seier han til avisa.

Publisert: 13.11.2019 09:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:44