Utsette levering av baat nummer tre
UTVIKLING: Den første sightseeingskatamaranen frå Brødrene Aa kombinerte fossilt drivstoff og batteri. Då nummer to, "Future of the Fjords", blei bygd var batteria blitt så gode at båten kan klare seg med batteridrift. Det tredje fartyet i rekka blir levert våren 2020.
Nytt

Utsette levering av båt nummer tre

Fjord1 har utsett levering av den tredje sightseeingsbåten frå Brødrene Aa. 

16.05.2019
- Det er summen av ei totalvurdering, seier Fjord1-sjef Dagfinn Neteland om kvifor Fjord1 først i april neste år skal få levert "Legacy of the Sea", den tredje i rekka av Brødrene Aa sin prisbelønna sightseeingsbåt.
Planen var opphavleg at båten skulle leverast i sommar, og segle med turistar i Oslofjorden.
No vurderer selskapet om det skal leige ein båt til bruk i Oslofjorden denne sommaren, men nybygget kjem uansett på plass først til neste turistsesong.
Elementa i totalvurderinga Neteland snakkar om er mellom anna at reiarlaget var seint ute med å bestille, slik at det nye sightseeingsfartyet først ville vere klart i det turistsesongen var godt i gang, og at det var uvisst om ladeløysinga i Oslo kunne kome på plass i tide.

Geiranger og Hjørundfjorden

Fjord1 er medeigar i The Fjords, som mellom anna driv turisttrafikk med dei to første sightseeingsfarty frå Brødrene Aa. Båt nummer to vart levert til sommarsesongen i fjor. Det er Fjord1 som eig båtane, og leiger dei ut til The Fjords.

I fjor sommar etablerte The Fjords turistbåtrute mellom Ålesund og Øye i Norangsfjorden, ein sidefjord til Hjørundfjorden. Satsinga gav ikkje dei resultata selskapet hadde håpa, men selskapet valde likevel å drive ruta også i år.

Fjord1 eig også 28 prosent i Geiranger Fjordservice, som mellom anna driv turistbåtrute mellom Ålesund og Geiranger.

400 millionar

Neteland seier selskapet har investert rundt 400 millionar kroner i turistsatsinga, med sightseeingsbåtane som den største investeringa. Det har auka kostnadane frå turistsatsinga, også i lavsesongen om vinteren. Resultatet er større underskot i 1. kvartal i år enn i første kvartal i år.
Driftsunderskotet frå turistsatsinga til Fjord1 aukar frå millionar kroner i første kvartal i 2018 til 10 millionar i første kvartal i år.
- Det er ein konsekvens av ein vanvittig sesongvariasjon, seier Fjord1-sjef Dagfinn Neteland.
Målet er både å hente ut større inntekter i høgsesongen og auke marknaden for båtane også i vintersesongen.
I 2018 hadde Fjord1 23 millionar i driftsinntekter frå turistsegmentet og fekk eit driftsresultat på sju millionar kroner. I 2017 var driftsinntektene 20 millionar og driftsresultatet 18 million.

Publisert: 16.05.2019 14:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35