Utelukkar ikkje dobling av turistsatsinga i Loen
OPPTUR: Utviklinga etter at Loen Skylift opna for snart to år sidan, har vore ein einaste lang opptur. Til no er det satsa meir enn 300 millionar på gondolbana og Richard Grov ser ikkje vekk frå at det vert investert like mykje i åra framover. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Utelukkar ikkje dobling av turistsatsinga i Loen

Gevinsten av gondolsatsinga i Stryn er mellom anna 50 nye arbeidsplassar. Richard Grov er ikkje i tvil om kva som har vore det viktigaste grepet.

Marius Rosbach
20.04.2019
Richard Grov likar ikkje å snakke høgt om ting som ikkje er heilt på plass. Men det er openbart at forretningsmannen framleis har tenkt til å gi gass med reiselivsmotoren i Loen.
– Du skal ikkje så vekk frå at vi kjem til å satse ei tilsvarande beløp vi har gjort til no, seier Grov til NETT NO på spørsmål om korleis han ser for seg den vidare satsinga i Stryn-bygda med Loen Skylift, hotelldrift og stadig nye aktivitetstilbod.
328 millionar kroner er summen som er investert for å bygge gondolbana med tilhøyrande anlegg. Bana som går frå fjordkanten og tusen meter til værs til toppen av fjellet Hoven, . I det første heile driftsåret i 2018, nådde dei besøksmålet allereie i september.

Primus motor Richard Grov meiner vi berre har sett starten på kva Loen kan utvikle seg til.
– Vi kjem til å helde fram med å investere kraftig og det ligg mange spennande prosjekt her framover, seier han.

50 nye arbeidsplassar etter Skyliften

Det viktigaste grepet har ifølgje Grov vore å sikre seg kontroll med utviklinga vidare gjennom holdingselskapet Fals. Her har Hotel Alexandra 65 prosent av aksjane, medan gondolbanebyggjarane i Garaventa eig resten.
– Det har vore ei stor og komplisert investering. Eg har vore livredd for at vi ikkje skulle få det til og at veksten skulle koke bort. Det er mange eksempel på selskap med stor vekst, der eigarskapen har vorte vatna ut. No har vi kontroll og vi ønskjer at det skal kome heile bygda til gode. Det dreier seg om samfunnsbygging. Etter Loen Skylift-etableringa har det vorte 50 nye arbeidsplassar og i 2018 var det 200 totalt. Vi håpar at det blir fleire framover, fortel Grov.
Møter næringslivet:
Hotelldrift i nordvest:

Er arveleg belasta

Det har vore flust med skeptikarar som har sett sine negative spådommar verte gjort til skamme. Grov verkar ikkje nytte så mykje energi på det. Og han er arveleg belasta når det kjem til å satse når andre ikkje har trua. Faren hans sa det i si tid slik: «Når alle seier at det ikkje vil gå, då er det tida for å satse 100 prosent og gi full gass».
Resultata etter opninga av gondolbana talar for seg. Hotel Alexandra kunne allereie i fjor kjøpe ut medhjelparane i . I same periode har .
– Vi var godt budde og bygde opp heile teamet før vi starta. Vi har verkeleg klart å skape ein reiselivsmotor og meiner det lovar godt for framtida til ei lita bygd, seier Grov.

Vinterturisme

Å utvide tilbodet på vinterstid er noko av det viktigaste å jobbe med framover, meiner Grov.

Allereie er det bygd ut fleire kilometer med turvegar på toppen av fjellet som er enkelt tilgjengeleg for alle. Her er det mogleg å spasere på beina, eller ein kan nytte gondolstasjonen som utgangspunkt for turar på langrennsski eller randonnée. Det er investert tråkkemaskinar og anna utstyr for å legge til rette for bruken. Ein anna del av planen er å bygge eit hytte som gjer at fjellfolk kan overnatte på tur mellom Hoven og Skåla.
Dei vart tekne litt på senga av den vet veldige interessa for å nytte anleggsvegen til å ake ned frå fjellet i fjor vinter. I år har dei difor halde tilbake på marknadsføringa av det som har vore omtalt som «Norges lengste akebakke».
– Det tok heilt av og vi måtte ta nokre rundar på korleis vi kunne gjere det trygt. Det har ikkje vore heilt enkelt sidan ein del av aktiviteten skjedde utanfor vårt område. Men vi jobbar med å få det inn i trygge rammer både juridisk og økonomisk, seier Grov.
Det er kjøpt inn 100 sledar for utleige, også er det jobba med å dosere svingane rett. slik at den endar heilt nede ved fjorden, ligg klare.

Verdsrekordforsøk

Luftsportutøvarar har også funne ein ny yndlingsstad i Loen. På toppen av Hoven er det bygd ei rampe som paraglidarar og andre nyttar som utgangspunkt for luftige svev ned frå fjellet.
Mobilbilda dei og alle andre besøkande legg ut på sosiale media, er effektiv marknadsføring og kostar ingenting for reiselivsselskapa sjølve. I sommar er det jamvel duka for verdsrekordforsøk når våghalsen Tom Erik Heimen vil forsøke å hoppe 70 gonger frå fjellet i løpet av eitt døgn.
I tida framover er Loen sikra meir gratisreklame mellom anna gjennom tv-sendingar med TV 2-programmet «Gutta på tur», 71 grader Nord og det amerikanske «Great Norwegian Adventure».
– Alt det som låg i den store draumen då vi starta gondolbygginga, er kome på plass. Samstundes har vi god økonomi og råd til å ta tak i nokre trådar for å utvikle oss enda meir, seier Grov.

Publisert: 20.04.2019 05:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:34