Ut av opplag
ARBEID: Bourbon Topaz er ute av opplag. Fleire andre Bourbon-skip kan følgje etter.
Nytt

Ut av opplag

Etter kort opplag er Bourbon Topaz på nytt i arbeid. Fleire Bourbon-skip kan følgje etter.

02.12.2016
- Vi kan ikkje seie så mykje om oppdraget, men det er eit brønnbasert oppdrag som er eit godt stykke unna Nordsjøen, seier adm. dir. Bjørn Idar Remøy i Bourbon Offshore Norway.
Elleve år gamle Bourbon Topaz har denne veka lege ved kai ved Myklebust Verft i Gursken og tatt om bord utstyr. No ligg skipet på Eidså.
I helga går skipet til Aberdeen for å ta om bord meir utstyr.
- Det er sannsynleg at fleire skip operert frå Norge vert med på denne kampanjen, seier Remøy.

Norske offiserar

Topaz er ein PSV, som kan ombyggjast til å gjere ROV-support.
Skipet er Bahamas-registrert, og er innreidd for 25 personar.
- Det vert norske toppoffiserar. Resten av mannskapet er i hovudsak utanlandsk, seier Remøy.

Sysselsetjing

Han seier at det ikkje er snakk om ei feit kontrakt.
- Dette er i stor grad sysselsetjing. Det er viktig å halde skipa i gang og mannskapet i arbeid.
Remøy seier at det ikkje er heilsvart når det gjeld nye forespørslar.
- Litt er der og spesielt for oppstart mot neste sommar, men framleis ikkje mange oppdrag som det er muleg å gå i pluss i.
Det er viktig å halde skipa i gang og mannskapet i arbeid

Publisert: 02.12.2016 16:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:04